Hopp til innhold

Hylla for 50 år som fagorganisert

Gerd Signe Grinde Håre frå Sogndal er på sitt aller første landsmøte i Arbeidarpartiet. Der vart ho hylla av toppane i partiet og LO.

Kjersti Stenseng, Gerd Signe Grinde Håre og Gerd Kristiansen

– EIN BAUTA: Gerd Signe Grinde Håre flankert av partisekretær Kjesti Stenseng (t.v.) og LO-leiar Gerd Kristiansen.

Foto: Arbeidarpartiet

Grunnen er at ho har vore LO-medlem i 50 år, gjennom forbundet NNN. Ho har drive fagforeiningsarbeid lokalt. og har fått utmerkinga Rallaren utdelt av distriktssekretær Nils P. Støyva i LO.

– Dette er verkeleg noko å være stolt av, og vi i LO er stolte av deg og den store innsatsen du har gjort i alle desse åra, sa LO-leiar Gerd Kristiansen.

Stor ressurs

Partisekretær Kjersti Stenseng i Arbeidarpartiet sa at Gerd Signe er ein stor ressurs for partiet i valkampen.

– Ho stiller alltid trufast opp på stand og på talrike valarrangement, og ho er ein primus motor på første mai i Sogndal. Det er flott at ho vil bruke pensjonisttida si for partiet, og vi er glade for at ho vil bruke erfaringa si frå eit langt arbeidsliv i kampen for eit samfunn der alle skal med.