Hopp til innhold

Hydro varslar nye kutt

Under eit halvt år etter siste varsel om millionkutt, kjem Hydro i Årdal med nye kuttvarslar.

Hydro Årdal

Det er varsla nye kutt ved Hydro i Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kring 120 tilsette mista jobben sin ved aluminiumsverket i 2009. No varslar Hydro i Årdal at 25 nye personar blir fjerna.

- Det er sørgeleg at leiinga vil kaste folk ut i slike prosessar. Vi har nettopp vore gjennom eit nedbemanningsprosjekt, men får knapt landa den prosessen før det kjem ein ny, seier Bjørn Øvstetun, leiar i Årdal Kjemiske Fagforeining, til Sogn Avis.

Må kutte

Varselet gjeld tilsette innan stab- og støttefunksjonar. Hydro sitt nye kostnadskuttprosjekt går ut på å kutte kostnadar for 100 dollar tonnet før året er omme.

Øvstetun seier til avisa at kutta i denne omgang ikkje vil råke driftsorganisasjonen.

820 tilsette.