NRK Meny
Normal

Hydro utset stenging i Årdal

Hydro vil søkje Statens Forureiningstilsyn om løyve til å forlenge drifta av dei eldste omnane ved verket i Årdal i ti månader.

Hydro i Årdal
Foto: Steinar Lote / NRK

Utsettinga er ein del av omstillingsavtalen Hydro og Årdal kommune er i ferd med å inngå.

Dei siste vekene har det vore eit sterkt politisk press mot Hydro for å få dei til å utsetje nedstenginga av dei forureinande Søderberg-anlegga.

Ventar på dørfabrikken

Dei gamle og ureinande smelteomnane skulle etter planen stengjast 1. januar 2007. 134 personar i Årdal mister jobben når Hydro stengjer den eldste delen av produksjonen.

- Vi har heile tida vore opptekne av å byggje bru over mot ny aktivitet. Og vi er no blitt samde med Årdal kommune om at vi forlenger drifta av Søderberg-anlegget slik at stenginga vert tilpassa oppstarten av den nye dørfabrikken til Dooria, seier informasjonssjef i Hydro, Thomas Knutzen til NRK Sogn og Fjordane.

Dørfabrikken skal etter planen starte prouksjonen neste år, og vil gje arbeid til kring 60 tilsette.

- Får løyve

Knutzen seier han reknar med at Statens Forureiningstilsyn vil gje Hydro dispensasjon slik at dei kan forlenge drifta.

Informasjonssjefen nektar for at Hydro no har gitt etter for politisk press.

- Vi har heile tida vore opptekne av Årdal sitt beste, seier Knutzen.

Bellona seier nei

Fredrik Hauge, leiar i Bellona, krev at Statens Forureiningstilsyn seier nei til  Hydro sin varsla søknad om forlenga drift i Årdal.

- Den mest alvorlege konsekvensen er at Statens Forureiningstilsyn ved å gje dispensasjon, etter at dei har to gonger tidlegare har avslått dette, vil undergrave autoriteten sin fullstendig, hevdar Hauge.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.