Av:
Håvard Hamnaberg /
Marita Haugo
Hydro i Årdal toler ikkje stengde vegar mykje lenger. I ettermiddag vil metallverket i Øvre Årdal gå tom for råstoff, og då må dei stoppe produksjonen. Plassjef Ove Bakke håpar no at riksveg 53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal kan verte opna om ein time, slik dei har fått signal om.
Persontrafikken til Årdalstangen er sikra ved båtrute frå lenger ute i fjorden.