Hopp til innhold

Hydro-tilsette fryktar utflagging

Trass svært godt resultat for Hydro, er styremedlem Billy Fredagsvik i Høyanger uroa for framtida til aluminiumsgiganten.

Video EU-miljøavgift truer Hydro sine aluminiumsverk

SJÅ TV-SAK: EU-miljøavgift trugar Hydro sine aluminiumsverk i Europa.

Hydro sine verk i Årdal og Høyanger gjekk til saman med over ein halv milliard i overskot i fjor.

Likevel mangeårig tillitsvald og styremedlem i Hydro, Billy Fredagsvik, uroa for framtida. Årsaka er den skyhøge Co2-avgifta, som verka i Kina og India slepp.

– Det må vere slik at det er same råmevilkår globalt. Vi konkurrerer i heile verda. Om det er Co2-avgift for alle, så er det greitt for oss. Men det kan ikkje berre vere vi som betalar for det. Då vil det ikkje lønne seg å produsere aluminium i Europa, og vi blir flagga ut og nedlagde, avsluttar Fredagsvik.

Søkjer ut

Europeiske verk betalar Co2-avgift for sin miljøvenlege produksjon. Noko dei slepp i landa der etterspurnaden etter aluminium er størst. Så lenge europeiske verk må betlae meir for krafta enn konkurrentane, seier Fredagsvik at dei må arbeide meir for å oppnå same resultat.

Billy Fredagsvik.

FRYKT: Styremedlem i Hydro, Billy Fredagsvik, fryktar at skyhøg Co2-avgift kan tvinge aluminiumsverka ut av Norge.

Foto: NRK

Skal Hydro satse vidare på aluminiumsstadene på Vestlandet, meiner han det må gjerast noko med dei europeiske Co2-kvotane.

– Får vi ikkje full kompensasjon for Co2-avgifta, så ser eg føre meg at denne industrien vil flagge ut og etablere seg der dei brukar kolkraft som kraftkjelde, og der utsleppa er tre-fire gonger høgare enn i Norge, seier han.

Over ein halv milliard i pluss

Aluminiumsindustrien har lange tradisjonar i Norge, men det er i India og Kina dei fleste nye fabrikkar kjem. I fjor vart kring 30 aluminiumsverk bygde verda over, alle i lågkostland utan miljøskattar som kan samanliknast med dei vi finn i Norge.

Samstundes som Hydro klagar over manglande vilje til kutt i Co2-avgiftene, presenterer dei altså svært gode resultat frå verka i Årdal og Høyanger. Sjølv utan kompensasjon for Co2-avgifta.

– Vi har eit veldig godt resultat for 2011, med eit overskot på 384 millionar før renter og skatt. Det er vi svært nøgde med, sa fabrikksjef ved Hydro i Årdal, Arne Werge Olsen til NRK.

Krev grep

I tillegg gjekk verket i Høyanger med 136 millionar kroner i pluss. Men Billy Fredagsvik i Høyanger krev at regjeringa tek eit grep om miljøskatten som norsk aluminiumsproduksjon i dag brukar milliardar på.

Hydro aluminium i Høyanger

GODT: Ved verket i Høyanger gjekk dei 136 millionar kroner i pluss i fjor.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg ventar at regjeringa legg press mot EU for ei best mogleg ordning for industrien og at dei sjølvsagt legg til rette for at vi kan drive vidare med produksjonen vi har i Norge, seier han.

– Har du tru på ei god løysing i saka?

– Eg håpar at dei som har betalt for å ha vet, har vet, seier han etter ein liten tenkjepause.

Fryktar utflagging

Ingen i regjeringa har i dag ville kommentere kritikken frå Hydro, men det er heilt på det reine at Co2-avgifta er ei nøtt å knekkje. Ikkje minst for næringsminister Trond Giske.

Samstundes har Hydro vald å satse på store utbyggingar i utlandet. Nettopp for å sikre seg billeg kraft og lite miljøskattar. Og nyleg var Hydro sitt Quatalum-verk i Quatar oppe i full produksjon, og styrkar dermed metallgiganten sin posisjon betydeleg i austen.

– Vi er i utgangspunktet for ei global Co2-avgift, det blir heilt feil når det berre er Europa som betaler det. Det blir ein konkurranseulempe for oss som arbeider i Europa i denne industrien, seier han.