Hopp til innhold

Hydro-tilsette får bonus

Dei tilsette ved Hydro i Årdal får ein bonus på 80 prosent av månadsløna si fordi aluminiumsproduksjonen til Hydro gjekk det så godt i fjor. Årsresultatet vart på 420 millionar kroner i Årdal og 154 millionar i Høyanger. Leiar Bjørn Øvstetun i Årdal Kjemiske fagforening seier til Sogn avis at bonusen avspeglar resultatet. Han reknar med at bonusen blir utbetalt på marsløna. Det er førebels uavklara kva bonus tilsette i Høyanger får.