Hopp til innhold

Hydro-sjefen lei av negativt fokus

- Den einsidige framstillinga av Årdal som eit samfunn i krise var heilt feilaktig, seier konsernsjef Eivind Reiten i Hydro.

Konsernsjef i Hydro, Eivind Reiten
Foto: Arash A. Nejad / Scanpix

Torsdag var Hydro-sjefen på besøk i Årdal, og der presiserte han veldig sterkt at Årdal vil vere ein viktig del av Hydro i mange tiår framover.

- Vi har investert fleire milliardar kroner i Årdal, seinast i det nye teknologisenteret, og Årdal har alle føresetnader for å vere ein viktig del av Hydro i mange tiår framover, seier Eivind Reiten. Han var i Høyangeronsdag, og Årdal torsdag.

Hydro-sjefen legg ikkje skjul på at han meiner politikarane, næringsministeren inkludert, og mange andre har vore for einsidige i si framstilling av Årdal som eit samfunn i krise, ei fråflyttingsbygd.

- Det er ikkje og har ikkje vore realiteten. Fakta er at vi har investert mykje i Årdal, faktisk meir enn dei fleste andre stader der Hydro er etablert, seier Reiten.

Hyggeleg besøk

Under tidlegare besøk til Sogn er Hydro-sjefen møtt med både bannarar, demonstrasjonar og sinte arbeidarar. Det var ikkje situasjonen denne veka.

Årdal vil få to store nyetableringar dei neste åra som skaper 130 nye arbeidsplassar. I tillegg er det under etablering opp mot 50 nye arbeidsplassar i små og mellomstore bedrifter. Ikkje rart torsdagens besøk meir hadde form av ei signingsferd.

- Det er naturleg med støy i samband med alle omstillingsprossessar. Men dagens besøk er nok det hyggelegaste eg har hatt i Årdal på lang tid, seier konsernsjef Eivind Reiten. Han er godt nøgd med den omstillingsprosessen som Hydro har gjennomført i Årdal og Høyanger. Han vil ikkje åleine ta æra for at prosessen har vorte vellukka, men deler æra med kommunen og dei tilsette.

Fire milliardar

Leiinga i Hydro er opptekne av å formidle at dei har investert meir enn fire milliardar kroner i Årdal dei siste åra, inkludert kraftutbygginga i Nye Tyin. No starter bygginga av det nye teknologisenteret i industribygda, ei investering på 200 millionar kroner. Senteret skal stå ferdig i 2008.

Eivind Reiten seier han og kommunen no skal jobbe for å få Årdal til å framstå som eit levedyktig samfunn med sikre arbeidsplassar.

- Årdal er ein fin stad å bu for alle som vil ha eit interessant arbeid, seier Reiten.