Hopp til innhold

Hydro-sjef ynskjer atomkraftdebatt

Fabrikksjef Frode Hoff ved Hydro Aluminium i Høyanger meiner tida er moden for å vurdere atomkraftverk i Noreg.

Stenginga av atomkraftverket Forsmark aukar faren for norsk straumkrise.
Foto: Lars Pehrson, Lars Pehrson

Hoff meiner global oppvarming og stort kraftunderskot i landet vårt gjer at Norge bør vurdere satsing på atomkraft.

- Vi er teknologisk langt framme og har ryddige og gode system. Eg vil vere meir trygg om det vert etablert i Noreg enn i andre land, seier han.

Positive sider

Tidvis stort kraftunderskot og kalde vintrar gjer at straumprisane i landet fyk i været. Co2-utsleppa er meir omfattande enn nokon gong, og forskarane er samde om at den globale oppvarminga er ein stor trussel for heile sivilisasjonen. Med dette som bakteppe meiner fabrikksjefen at det må utgreiast om ein skal satse på atomkraft også i Norge. Han meiner atomkraft har klare positive sider.

- Det er positivt på den måten at det ikkje skaper Co2 som veldig mange av dei andre kraftkjeldene gjer, seier han.

Treng alternativ

Hoff fryktar at aliminiumsindustrien kan bli den store taparen om ein ikkje finn alternativ til gasskraft, og andre kraftkjelder som medfører Co2-utslepp.

- Det kan bli eitt av resultata om vi manglar kraft. Difor er det viktig at vi har denne debatten og ser på kva moglegheit vi har for å skape kraft, meiner han.

Slaktar utspelet

Miljøstiftinga Bellona slaktar Hoff sitt utspel om å utgreia atomkraft.

- Norge bør heller satsa på reinsa gasskraft og fornybar energi, meiner nestleiar i Bellona, Marius Holm.

Holm trur ikkje forslaget om atomkraftverk vil få gjennomslag i Norge.