Hopp til innhold

Hydro krev tilbake 85 millionar kroner

Hydro meiner dei har betalt for mykje eigedomsskatt i ti år. No har verksemda stemna Årdal kommune.

Porten til Årdal Metallverk i Øvre Årdal

KREV PENGAR TILBAKE: Hydro i Årdal vil ha tilbake 85 millionar kroner frå Årdal kommune.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det er Hydro Aluminium i Årdal som meiner dei har betalt for mykje skatt for eigedommane i åra 2002–2011. Dei krev tilbakebetalt 85 millionar kroner inkludert renter.

Arild Ingar Lægreid

SKUFFA: Ordførar Arild Ingar Lægreid seier pengane for lengst er brukt opp. Han forstår ikkje kravet frå Hydro.

Foto: Birger Meland / NRK

Hydro meiner det er feil ved takstane som ligg til grunn for berekninga av eigedomsskatten. Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) tykkjer kravet er uanstendig og at saka er forferdeleg for kommunen. Søksmålet kjem som ei stor overrasking.

Kravet kom i august 2012, men kommunen avviste kravet med at fristen var ute. Likevel vel bedrifta å gå til kamp mot ein vertskommune som i god tru har brukt opp pengane til gode for innbyggjarane. Dette søksmålet kom overraskande på oss og eg er svært skuffa over Hydro, seier Lægreid.

Pengane er brukt opp

Ifølgje kommunen har Hydro betalt inn pengane løpande i dei ti åra utan atterhald. Pengane er for lengst brukt til gode for lokalsamfunnet.

– Kva vil det bety for Årdal kommune om de må betale tilbake 85 millionar kroner?

– Det har vi ikkje teke stilling til. Vi er sikre vi har ei god sak. Kommunen har ikkje høyrt noko frå Hydro i denne tiårsperioden. Dei har ikkje klaga på eigedomsskatten desse åra.

Ser ikkje fram til rettssak

Årdal kommune meiner søksmålet har ei samanheng med arbeidet som no går føre seg med taksering av Hydro sine anlegg med verknad frå 2012. Lægreid seier det er så komplisert sak at kommunen må ha advokathjelp.

– Vi ser ikkje fram til å kanskje måtte møte Hydro i retten, seier han.

Håper på semje utanfor retten

Informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro seier dei har hatt fleire møte med kommunen utan å komme til semje.

– Vi har ikkje lukkast med det. Vi meiner vi har betalt inn for mykje på grunn av feil skattegrunnlag. Stemninga er sendt for å halde oss innan tidsfristar.

Han understrekar at Hydro framleis ønskjer å ha dialog med Årdal for å komme til einigheit. Molland seier dei har hatt gjennomgang av grunnlaga for eigedomsskatten på fleire av fabrikkane sine.

– Vi oppdaga at grunnlaget for skatten i Årdal mest truleg er feil.

– Kommunen har allereie brukt desse pengane. Korleis ser Hydro på det?

– Vi ønskjer å ha dialog med kommunen og komme til semje. No skal vi inn i ein ny periode for dei ti neste åra og vi ønskjer å bli einige med kommunen.