NRK Meny
Normal

Hydro rekrutterar framtidas forskarar frå barneskulen

Gjennom Forskarfabrikken sin sommarskule skal ungane lære at naturfag er gøy.

Forskarfabrikken Høyanger

UNGE FORSKARAR: – Forsking er gøy, kjem det unisont frå sommarskuleelevane.

Foto: Åsta Urdal / NRK

I formingssalen på Høyanger skule yrar det av liv, sjølv om skuleferien ikkje endå er over. Forskarfabrikken held, saman med Hydro, sommarskule over heile landet der det ligg Hydro-fabrikkar. Kring 400 elevar har delteke i sommar, og 26 av desse i Høyanger.

– Endå fleire hadde lyst å vere med, men det vart fullt, fortel fabrikksjef for Hydro Høyanger, Stian Tangen.

Forskarfabrikken Høyanger

REKRUTTERAR: Fabrikksjefen på Hydro, Stian Tangen vaks sjølv opp nær fabrikken på Sunddalsøra og understrekar kor viktig det er med lokal forankring. Derfor er han ivrig på å vise ungane i bygda kva dei driv med på fabrikken.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Han er innom for å fortelje barna korleis arbeidsdagen på fabrikken går føre seg, og inspirere dei unge til å bli framtidas forskarar.

– Vi treng forskarar innan all mogleg teknologi. Vi driv mellom anna med elektrolyseteknologi, der er det straum og prosess. Og vi treng forskarar innan metallurgi og kybernetikk. Ikkje minst treng vi at den framtidige arbeidskrafta vår er lokalt forankra.

Ivrige ungar

Og rekrutteringa ser ut til å virke.

– Når eg blir stor vil eg jobbe på Hydro, seier ei av jentene på sommarskulen, før tre andre hiv seg på.

Forskarfabrikken Høyanger

MIKROSKOPISK: Kvar elev har fått sitt eige mikroskop som forstørrar 20 gonger. Sjølv isoporkuler vert spennande å sjå på.

Foto: Åsta Urdal / NRK

June Olsen er ei av dei nysgjerrige, og jobbar med å sette saman eit spel saman med venninna Kristine Furelid Kvikne. Leidningar skal avisolerast og koplast riktig saman, på pluss og minussida av eit batteri.

– Og så skal denne svarte leidningen lede til ein diode som lyser opp når du bommar på spelet. Vi fekk det ikkje heilt til, så vi må begynne heilt på nytt.

Tidlegare i veka har dei hatt praktisk matte, laga flaskerakett og vore på edderkoppsafari.

– Vi såg på edderkoppen gjennom mikroskopet vi har fått. Den var ekkel, seier Julian Haukås Solvorn.

Stø på hand

Kvar av elevane har fått sitt eige mikroskop som forstørrar 20 gonger, og dei fortel at ting ser heilt annleis ut, til og med mikrometeriorane dei har funne (som ser ut som grus) og bakteriane dei har dyrka fram.

Forskarfabrikken Høyanger

FLINKE: Mia Stubhaug er NTNU-student og trur den praktiske undervisinga kan inspirere nokre av elevane til å gå same veg. Julian Haukås Solvorn er ein av dei.

Foto: Åsta Urdal

Mia Stuhaug frå Kvammen er vanlegvis student ved NTNU, men no i sommar er ho heime for å undervise barneskule-elevane.

– Dei er veldig flinke. Sjølvsagt er det noko som er litt vanskelegare enn anna, men alle hjelper kvarandre. Her er det læring i praksis, og då får vi eit anna grunnlag for å snakke om teorien når vi har sett det i praksis.

– No fekk vi det til, ropar June, og fabrikksjefen får prøve det heimelaga spelet "Stø på handa".

Vil han klare å føre den vesle løkka i ståltråd rundt bana jentene har laga, utan å komme borti, eller vil lampa lyse? Han og NTNU-studentane har i alle fall klart å vise ungane at naturfag er gøy.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser