Hopp til innhold

Hydro-verka i Sogn gjekk begge med overskot i tredje kvartal - trass i dårlege prisar

Både Hydro Årdal Metallverk og Hydro Høyanger Metallverk kunne notere seg for overskot i tredje kvartal i år, trass i at prisane på aluminium framleis er svært låge.

Årdal Metallverk

GIR PLUSSTAL: Produksjonen av aluminium går igjen med overskot i Årdal.

Foto: Hydro Årdal Metallverk

I Årdal vart resultatet på 14 millionar kroner, og det er ei klar betring frå det første halvåret i 2013, då det var 15 millionar i minus. Samla etter tre firedelar av året står metallverket i Årdal dermed med tre millionar i minus.

Kommunikasjonsansvarleg Odd Steinar Natvik er nøgd med at dei 563 tilsette har snudd minus til pluss. Det har dei gjort trass i at prisane framleis er dårlege.

– Vi får ikkje noko drahjelp av prisane på verdsmarknaden, og det kjem vi heller ikkje til å få på ei stund. Vi er difor godt nøgde med at vi leverer eit overskot på 14 millionar i tredje kvartal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Årdal Metallverk 2009-2

MINUS SNUDD TIL PLUSS: Hydro Årdal Metallverk hadde overskot i tredje kvartal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kostnadskutt gir resultat

Det er arbeid med kostnadskutt som gjer at begge aluminiumverka i Sogn unngår raude tal, seier Natvik.

– Vi må jobbe med det vi kan påverke, med kontinuerlege betringar som gir god kostkontroll og stabil drift. Det er heile organisasjonen innretta mot, og alle jobbar godt med det.

Større overskot i Høyanger

Hydro Høyanger Metallverk hadde 15 millionar i overskot i tredje kvartal og eit samla resultat så langt i år på 35 millionar. Med andre ord betre enn storebror inst i Sognefjorden.

I Høyanger vart det sett produksjonsrekord i elektrolysen med 47.504 tonn aluminium.

Lasting av aluminium i Høyanger

OVERSKOT I HØYANGER: Aluminium blir lasta om bord i eit skip ved verkskaia i Høyanger.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fabrikksjef Wenche Eldegard seier at Høyanger Metallverk kjem til å gå i pluss når 2013-rekneskapen blir gjort opp. Det synest ho det er grunn til å vere nøgd med.

– Når vi tek legg til grunn dei dårlege prisane så leverer Høyanger godt, vi greier å halde kostnadene nede og har effektiv og god drift. Det er hovudårsaka til at resultata er gode, trass i dårlege prisar.

Ros til dei tilsette

Ho rosar dei 155 tilsette for innsatsen.

– Heile organisasjonen gjer ein veldig godt jobb. Dei jobbar kontinuerleg med forbetringar.

Både Wenche Eldegard og Odd Steinar Natvik er instilte på at dei må leve med dei prisane som er no også i 2014.

– Men vi håpar sjøvsagt på betre prisar etter kvart. Inntil vidare må vi berre jobbe med det vi kan påverke, og det er kostnadskontroll og effektiv drift, seier Eldegard.

I Årdal vart det produsert 143.718 tonn flytande metall i dei tre første kvartala i 2013, i Høyanger 47.504 tonn.