Tya støyperi har 82 tilsette som støyper valseblokker av råaluminiumen som vert produsert i Årdal. Kjøparane av blokkene valsar så ut aluminiumsplater som vert brukt i ei rekkje ulike produkt.
- Ikkje alle
Dagleg leiar Hanne Hoel Pedersen seier at det ikkje er aktuelt å permittere alle dei tilsette, men at ein del av arbeidsstokken må bu seg på å forlate Tya støyperi i ein periode.
For mange valseblokker
Årsaka til den vanskelege situasjonen for mønsterbedrifta i Årdal er at det har hopa seg opp med valseblokker på verdsmarknaden.
Sogn Avis si nettavis fortel at ein viktig grunn til Hydro sine problem er at selskapet inngjekk kontrakt med eit selskap i Sør Afrika - i ein periode då dei ikkje kunne produsere nok blokker sjølv. Og dette må staben på Tya støyperi no svi for, meiner dei tillitsvalde.
Hoel Pedersen sluttar seg ikkje vidare til dette. Kontrakta er der, men i kva grad dette direkte påverkar oss er verre å seie, seier ho.
Hovudtillitsvald Odd Semstrøm i Årdal synest at dei tilsette i Hydro Aluminium burde sleppe ein ny kalddusj no. - Dette kunne vi godt vore spart for no, seier tillitsmannen.