Hydro har avgjort at dei ikkje under noko omstende vil modernisere i Årdal og Høyanger, men opnar no for at andre eigarar kan gjere det.
Håpar på nye eigarar
Reiten opnar dermed for at Hydro vil selje smelteverket i Høyanger. Sidan Hydro i haust tok den endelege avgjerda om å stenge dei miljøfiendtlege Søderberg-omnane i 2006, har fagforeininga kjempa med nebb og klør for å få storkonsernet til satse vidare i industribygda.
No håpar tillitsvald Billy Fredagsvik at nye eigarar skal kome inn og modernisere det tradisjonsrike smelteverket. Noko som også har blitt godt moteke blant dei tilsette i industribygda.
Set ikkje vilkår
Hydro vil ikkje setje vilkår som reduserer lønsemda i ei modernisering, seier Fredagsvik. Hydro vil strekkje seg i det lengste til at C-hallen kan gå til 2007, seier han.