Hopp til innhold

Hydro-nei kan stoppe nye bedrifter

Nye bedrifter som vil etablere seg i Årdal kan få problem med å skaffe nok arbeidarar om Hydro ikkje forlengar drifta av dei gamle omnane.

Hydro i Årdal
Foto: Steinar Lote / NRK

Selskapet Årdal Framtid jobbar no mot to verksemder som er aktuelle for etablering i Årdal. Begge driv med lettmetall som silisum og titan, og kan i første omgang gje kring 120 arbeidsplassar kvar.

Men begge er uaktuelle om Hydro ikkje forlengar nedlegginga av dei gamle søderbergomnane.

Nesten har flytta

Grunnen er at folk som vert ledige ved verket og melder seg arbeidsledige hos Aetat, får jobbtilbod andre stader i landet og reiser frå Årdal. Verket har nedbemanna med vel 100 siste året, og storparten av desse er reist frå Årdal. 

- Faktisk over 90 prosent har flytta. Aetat kan ikkje betale venteløn til dei ledige, dei må inn i det vanlege verkemiddelapparatet. Då reiser folk frå Årdal. I dagens jobbmarknad er det svært vanskeleg å rekruttere folk tilbake, seier Terje Laberg, som leiar selskapet Årdal Framtid.

Problem for dørfabrikken

Sjølv Dooria-etableringa som er klar om Hydro gjev si økonomiske støtte, kan få problem med å skaffe nok arbeidsfolk om stenginga av dei eldste omnane ikkje blir utsett. Den nye dørfabrikken er først på plass kring midten av neste år.

- Det er ikkje mogeleg å etablere industriverksemder av denne storleiken utan at vi får til dette.