Hopp til innhold

Hydro-metall i kvar tredje bil

Hydro Aluminium leverer 34 prosent av all aluminium som blir brukt til bil i Europa.

Lasting av valseblokk på Tya Støyperi i Årdal

TIL BILINDUSTRIEN: Valseblokker frå Hydro Aluminium.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I alt produserte konsernet 800 000 tonn aluminium til bilindustrien i 2011, skriv Teknisk Ukeblad . Dette metallet kjem mellom anna frå aluminiumverka i Årdal og Høyanger .

Lite råka av finanskrisa

Og dette er stabil eksport som ikkje ser ut til å vere nemneverdig råka av finanskrisa i Europa. Årsaka er at det er dei store statusmerka Audi, BMW og Mercedes Benz som i størst grad brukar aluminium i bilane sine.

Hjå desse bilmerka er det toppmodellane som har mest lettmetall. Og desse bilane sel godt i dei landa der det er stor vekst i økonomien, som Russland, Kina, India og Brasil.

LES OGSÅ: Hydro må kutte i Årdal

LES OGSÅ: Gode resultat for Hydro sine verk

Mercedes-Benz S-klasse

MYKJE ALUMINIUM: I dei dyraste Mercedes-modellane er det brukt myklje aluminium.

Foto: Daimler Media

– Meir aluminium i bilar

Øystein Hop er forretningsutviklar for bil og solar i Hydro. Han trur det kjem til å bli stadig meir aluminium i bilane framover, også i mindre og billegare bilar.

– Med dei nye krava til utslepp tvingar lettare vekt på bilane seg fram, og då er aluminium det beste materialet.

Metallverka i Årdal og på Sunndalsøra leverer støypelegeringar til bilindustrien, medan verka i Høyanger, Karmøy og Husnes leverer valseblokker.