NRK Meny
Normal

Hydro må gjere store reparasjonar etter straumbrot

Aluminiumsverket i Årdal går framleis ikkje for full drift etter straumbrotet onsdag kveld. Det er mellom anna gjort skade på noko av utstyret.

Elektrolysehall Å2C ved Hydro i Årdal

KOSTNADAR: Noko av utstyret til aluminiumsverket i Årdal har fått skade etter straumbrotet onsdag, men kor store kostnadar det er snakk om, er førebels uvisst.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Straumen forsvann rundt klokka 20.00 onsdag kveld, og var vekke til klokka 21.20. Heile Øvre Årdal var mørklagd, også Hydro sitt aluminiumsverk.

Straumen kom tilbake etter halvannan time, men for Hydro vart det verre.

– Etter at straumkundane i Øvre Årdal fekk tilbake straumen, og vi jobba for å starte opp att produksjonen, fekk vi seinare eit nytt straumutfall og problem med ei likerettargruppe. Det er eit utstyr som tek straumen frå nettet som er vekselstraum og gjer det om til likestraum. Det gav oss ytterlegare utfordringar med å starte opp igjen og normalisere drifta ved metallverket, seier informasjonssjef Halvor Molland.

Må byte ut utstyr

Ei handfull av omnane må gjennom dei mest omfattande reparasjonane, på lik linje som fleire måtte under ekstremvêret «Tor» i januar.

– Som ein del av den jobben vi har gjort utover natta så har vi valt å stoppe ei handfull med omnar. Vi såg det ville gjere jobben lettare og tryggare for dei som skal jobbe med å få verket i drift. Dei få omnane vi har valt å stoppe må gjennom det vi kallar ein omfôringsjobb. Ein må ta ut det som er i cella og starte dei på nytt, men det er ei handterleg oppgåve, seier Molland.

Hydro i Øvre Årdal
Foto: Truls Sylvarnes

Jobbar for å bli meir robust

Torsdag er produksjonen oppe og går igjen, men med redusert omfang. Årsaka er ein kombinasjon av at dei må byte ut utstyr, og at Hydro må trappe gradvis opp produksjonen etter eit straumbrot.

Skadane etter straumbrotet er likevel langt unna det omfanget ein såg under «Tor». Då vart 38 av dei totalt 326 omnane øydelagde. Ni av dei måtte skiftast ut.

Informasjonssjefen fortel at det er gjort forbetringar etter ekstremvêret i januar, og at dei kontinuerleg vurderer kvar feil som dukkar opp, for å ta lærdom.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.