Hopp til innhold

Hydro legg ned støyperi i Årdal

Hydro kom i dag med avgjerda: Dei legg ned PFA-støyperiet ved Årdal metallverk. Det betyr at 53 stillingar vil forsvinne, men ingen av dei fast tilsette skal misse jobben, lovar informasjonsdirektøren.

Årdal Metallverk juli 2012

LEGG NED: Det eine støyperiet ved Hydro sitt metallverk i Årdal blir no lagt ned.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har over ein periode sett at lønsemda ved å bruke omsmeltemetall i Årdal har gått ned, og at vi tapar pengar. Difor har vi no valt å stogge bruken av omsmeltemetall her, med det resultat at eit av dei to støyperia ved metallverket må stengje, seier informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro til NRK.no.

Tidlegare i sommar varsla Hydro at dei vurderte å leggje ned verket, og i dag offentleggjorde dei avgjerda. Dei tilsette har blitt informerte på eit allmannamøte, og det er kalla inn til ein pressekonferanse klokka 13.30.

– Vi ser ikkje nokon anna utveg for å kutte dei tapa vi har sett ved bruk av omsmeltemetall, seier Molland.

Støyperiet Hydro no legg ned smeltar om innkjøpt metall, såkalla kaldmetall. Denne delen av produksjonen blir altså ikkje lenger rekna som lønsam.

– Ingen fast tilsette skal misse jobben

Ifølgje Molland er tapa ved bruk av omsmeltemetall noko Hydro har sett kome over lengre tid. Det skal vere snakk om tap på fleire titalsmillionar kroner i året.

Tillitsvald Bjørn Øvstetun sa til NRK.no tidlegare onsdag føremiddag at han frykta at arbeidsplassar ville ryke dersom støyperiet blir lagd ned. Det er til saman 53 jobbar ved støyperiet.

Bjørn Øvstetun

UROA: Leiar Bjørn Øvstetun i Årdal Kjemiske Fagforening.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Men Molland seier ingen fast tilsette skal misse jobben.

– Dei vil få tilbod om andre stillingar, men innleigde og vikarar vil bli fasa ut over tid gjennom hausten.

Det skal vere snakk om rundt 25 personar som er innleigde og vikarar ved støyperiet. På sikt vil til saman 60 stillingar bli fasa ut, mellom anna gjennom naturleg avgang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arne Werge-Olsen, fabrikksjef ved Hydro sitt verk i Årdal
Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Ei rett avgjerd

Fabrikksjef ved Hydro sitt metallverk i Årdal, Arne Werge-Olsen var den som måtte gje dei tilsette beskjeden om nedlegginga. Han meiner avgjerda er rett for både Hydro og fabrikken sine tilsette.

– Verket blir meir robust, og vi står styrka framover. Samtidig er det viktig for oss at vi tek vare på dei fast tilsette, seier Werge-Olsen.

Fabrikksjefen kunne på pressekonferansen fortelje at verket i Årdal vil kome 30 millionar kroner betre ut i driftsresultat på eitt år ved å leggje ned PFA-støyperiet, slik dei no har gjort.

– Slik det har vore no så har vi vatna ut lønsemda med dei negative resultata vi har hatt på omsmeltemetall.

Mange er uroa for framtida for verket og fryktar at nedlegginga av støyperiet berre skal vere starten på ei total nedlegging. Den uroa delar ikkje fabrikksjefen.

– Viss vi ikkje hadde gjort dette så hadde det sett mykje mørkare ut. Eg ser positivt på framtida, og no er vi ei sterk bedrift og står meir robuste for svingingar, seier Werge-Olsen.

– Meir tid ville ikkje endra konklusjonen

Tillitsvald ved Årdal Kjemiske fagforening, Bjørn Øvstetun, seier dei har bede Hydro om meir tid før ei endeleg avgjerd skulle takast. Men det har det ikkje fått. Molland grunngjev det slik.

– Dette er ei grundig vurdering. No er det om å gjere å få stogga tapa, og det å bruke meir tid ville ikkje ha endra noko på grunnlaget for konklusjonen, seier han til NRK.no.

– Meir robust

– For Hydro er det viktig at vi tilpassar oss den til ei kvar tid gjeldande marknadssituasjonen. Det vi gjer n er positivt for Årdal ved at vi gjer verket mest mogleg robust, seier Molland vidare.

Han viser til at Hydro både har selt, lagt ned og omstrukturert verksemder over heile verda.

– Ingen er fritekne frå å gjere arbeidsplassen sin så robust så mogleg. Difor må vi gjere dette i Årdal.