Hopp til innhold

Framleis ustabil produksjon for Hydro

Det nær fire timar lange straumbrotet i Årdal kan koste Hydro dyrt. – Det kan gå fleire dagar før vi er i normal produksjon att, vedgår pressekontakt Halvor Molland.

Hydro Årdal Metallverk 2009

USTABILT: Hydro i Årdal jobbar på spreng for å få stabilisert produksjonen etter det fire timar lange straumbrotet. – Våre operatørar må inn og jobbe med cellene og prøve å gradvis ta opp att produksjonen til normalen, seier pressekontakt Halvor Molland.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Aluminiumverket har ein årleg produksjon på kring 190 000 tonn primæraluminium. Med ein snitt på kring 520 tonn dagleg produksjon, kan det fort få store økonomiske følgjer.

Over eit halvt døgn etter er produksjonen i gang att, men framleis ustabil.

– Det er for tidleg å seie kor lang tid det tek å få stabilisert prosessen, men det vil ta fleire dagar, seier pressekontakt Halvor Molland.

Fire timar

Halvor Molland

UVISST: Pressekontakt Halvor Molland seier det er uvisst kva økonomiske følgjer straumbrotet på Hydro får.

Foto: Nina L. Dauge / NRK

Straumbrotet klokka 1715 varte i tre timar, og verket brukte ytterlegare ein time på å straumen inn att på produksjonslinjene. Situasjonen var kritisk. Hadde straumbrotet vart endå ein time til, ville flytande metall ha byrja å størkne i omnane.

Verket produserer valseblokkar og støpelegeringar.

– Fire timar utan straum er svært lenge for eit aluminiumsverk, som krev straum døgnet rundt, året rundt. Det gjer prosessen ustabil, og vi må bruke tid på å komme i stabil drift. Vi har våre beste folk på det no, seier Molland.

Fokuserer på produksjon

Straumstans ved Hydro Årdal

MØRKT: Situasjonen vart kritisk då Hydro i Årdal mista straumen.

Foto: NRK-tipsar

Hydro evaluerer fortløpande dei potensielle følgjene av straumbrotet. Molland seier det førebels er for tidleg å seie når full produksjon kan takast opp att.

Det er også først då at dei økonomiske følgjene blir klare.

– Dette arbeidet kan ta tid. Det kjem heilt an på korleis prosessen responderer på tiltaka vi set i verk. Og vårt fokus er å stabilisere prosessen, og sikre den produksjonen vi har i Årdal.