NRK Meny
Normal

Hydro kan få utsett miljøkrav

Stenginga av dei eldste smelteomnane til Hydro i Årdal kan bli utsett. Næringsministeren jobbar prøver no å få Hydro med på ei slik løysing.

Hydro i Årdal
Foto: Steinar Lote / NRK

Statens Forureiningstilsyn (SFT) opnar nemleg for å gi Hydro lov til å halde fram drifta ei stund til.

Og etter det NRK kjenner til arbeider altså næringsminister Odd Eriksen med å få Hydro med på ei slik løysing.  

- Det vil vere til stor hjelp for Årdal og dei 200 som mister jobben, seier ordførar, Arild Ingar Lægreid.

- For Årdal kommune betyr det at vi får betre tid til omstillingsarbeidet.

Rask sakshandsaming

Frå 2007 blir nye og strengare krav til utslepp innført. Og det er ifølgje Hydro grunnen til at dei vil leggje ned delar av aluminiumsproduksjonen som føregår med dei eldste omnane. 

Ny teknologi som oppfyller krava blir dermed, slik industrien ser det, for dyrt. Men no opnar Statens Forureiningstilsyn (SFT) for at Hydro kan søkje om dispensasjon til å drive vidare med dei gamle omnane. 

- Det vil berre ta eit par månader å handtere ein slik søknad, fortel Tor Ferden, rådgjevar i næringslivsavdelinga i SFT.

- Vi held oss til forureiningslova, og den er klar på at vi skal vege miljøomsyn opp mot andre omsyn, som arbeidsplassar. 

Hydro vil ikkje kommentere

Onsdag dreg næringsminister Odd Eriksen til Årdal. Då vil ordføraren be han leggje press på Hydro for å få dei til å søkje om å få forlenga utsleppsløyva. Men etter det NRK kjenner til arbeider næringsministeren alt med å få til ei slik løysing. 

Årdal kommune har fleire gonger oppmoda Hydro om å søkje om ei slik utsetjing, utan at dei har fått svar, fortel ordførar Arild Ingar Lægreid.

Hydro ynskjer ikkje å kommentere kvifor dei ikkje har søkt om utsetting.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser