Hopp til innhold

Hydro hevdar utsleppa går ned – det viser ikkje att på hjorten

Hydro seier at dei stadig reduserer utsleppa i Årdal. Men ny rapport viser at hjortebestanden i bygda har like store fluorskadar i dag som på nittitalet.

Hydro aluminium i Årdal

UTSLEPP: Det er overraskande liten endring i fluorskada hjort i Årdal trass i at Hydro reduserer utsleppa.

Foto: Oddvin Aune, NRK

Dette kjem fram i ein rapport frå Veterinærinstituttet etter ei undersøking i åra 2013, 2015 og 2016. Kjevane frå felt hjort frå sørsida av Luster, heile Årdal og nordsida av Lærdal er undersøkt.

Resultatet har sett eit støkk i viltforvaltinga.

– Dette er særs overraskande. Vi har like store fluorskadar på hjort i Årdal i dag som for 20 år sidan, seier viltforvaltar Knut Fredrik Øi i Årdal, Lærdal og Aurland.

Knut Fredrik Øi

STØKK: Viltforvaltar Knut Fredrik Øi.

Foto: Aurland fjellstyre

– Kva trur du er årsaka?

– Det må du spørje Hydro om. Det kan verke som det ikkje er så stor reduksjon i utslepp av fluor i Årdal, som dei hevdar at det er. Hydro er nok overraska sjølve, seier Øi.

Mellombels rapport

Undersøkinga er gjort av veterinær Turid Vikøren i samarbeid med viltforvaltinga i Årdal. Rapporten er mellombels og tek føre seg 2013, 2015 og ikkje 2016, men syner mellom anna:

  • At det er «uventa lite endring i fluorbelasting av hjort» samanlikna med 90-talet. I 2015 var dette spesielt tydeleg sidan heile 41 prosent av ung og vaksen hjort var fluorskada.
  • At dagens utslepp frå metallverket forårsakar stor grad av fluorskade særleg på hjort i fjellsidene nær verket.
  • Fordi talet på felt hjort var høgt, set både 2013 og 2015 ulike «urovekkande rekordar» på fluorskada hjort, ifølge rapporten.

– Dette er ikkje bra. Fluor skadar skjelettet og tenna. Hjort med fluorskade blir ofte små og har ikkje noko bra liv. Dei kan oppleve ising i tenna, og at evna til å ta til seg mat blir redusert, seier Knut Fredrik Øi.

Fabrikksjefen overraska

Hydro har ifølge eigen oversikt redusert utsleppa av fluor dei siste åra og ligg ifølge dei sjølve på under 10 kilo i timen.

– Vi jobbar stadig for å redusere meir. Og vi er underlagt konsesjonskrava til miljødirektoratet, seier fabrikksjef Wenche Eldegard.

Ho er overraska over funna i rapporten.

Wenche Eldegard

OVERRASKA: Fabrikksjef Wenche Eldegard ved Hydro Aluminium Årdal.

Foto: Johan Moen / NRK

– Eg skulle gjerne sett at reduksjonen i utslepp viste att i hjorten. Vi jobbar med å forstå samanhengen mellom utsleppa våre og hjorten. Men det er viktig å understreke at dette gjeld hjort som beiter i liane rundt metallverket, som til dømes på Moa, seier Eldegard.

– Kan du som fabrikksjef garantere at grafen som viser stadig lågare utslepp frå Årdal metallverk, er korrekt?

– Ja, det kan eg. Vi har svært tett oppfølging på dette. Det er Hydro sin eigen lab som gjer målingane, men vi har ofte revisjonar.

Ho seier Hydro vil setje inn tiltak når den endelege rapporten ligg føre.

Ikkje hjå naboane

I Lærdal og Luster er det nesten ikkje oppdaga fluorskade på hjort, med unntak av nokre individ som kan ha vandra til og frå Årdal.

– Dette tyder at problemet ligg lokalt i Årdal, seier viltforvaltar Øi.

Også sau vart undersøkt. Det er ikkje påvist skadeleg dentalfluorose eller fluorbelasting i årdalssauene som vart undersøkt i 2015. Men det er skilnad i fluornivå mellom buskapar frå ulike område i kommunen.