Hopp til innhold

Her er den første kvinnelege sjefen på verket

Etter 92 år med aluminiumsproduksjon har Høyanger Metallverk fått sin første kvinnelege fabrikksjef.

Wenche Eldegard er fabrikksjef

FABRIKKSJEF: Wenche Eldegard er den første kvinnelege fabrikksjefen ved Hydro i Høyanger.

Foto: Tale Høyem / NRK Sogn og Fjordane

Sidan 1918 har ei rekkje mannlege sjefar styrt metallverket frå eit staseleg kontor med peis.

No er det Wenche Eldegard som sit i sjefsstolen omringa av vakre lamper i 60-talsstil.

– Eg har fått ein veldig spennande jobb. Eg tenkjer ikkje så mykje på at eg er kvinne, det har heller ikkje vore mykje merksemd rundt det, seier ho.

45-åringen frå Årdal er van med å jobba i eit miljø med mykje menn.

Diplomøkonomen byrja ved Årdal metallverk i 1996. I 2005 tok ho over som støyperisjef. I januar i år fekk ho eit vikariat som fabrikksjef i Høyanger. No er denne jobben blitt fast.

Vekependlar

Familien hennar bur framleis i Årdal. Kvar fredag set ho seg i bilen og køyrer frå Høyanger til Årdal.

– Vi hadde nokre rundar i heimen før eg bestemte meg for å ta jobben. Vi vart einige om at det var ein god moglegheit for meg.

Pendlinga har gått over all forventning.

– Eg har ein veldig flink mann som bidreg mykje på heimebane.

Dei to gutane hennar på 12 og 15 år er blitt meir pliktoppfyllande etter at mor deira flytta til Høyanger i vekedagane.

– Og så har vi vaskehjelp, legg ho til.

Låge aluminiumsprisar

– Motivasjonen min er å driva dette betre og å jobba med dei utfordringane vi har. Eg vert engasjert når eg får ei utfordring, og det er det som driv meg vidare.

Den største utfordringa no er dei krevjande tidene innanfor aluminiumsprisar.

– Vi må gjera verket robust, slik at det toler svingingane i aluminiumsprisane. Vi har ein tendens til å prøva å investera oss ut av ting. Nokre gongar er det betre å utvikla det vi har i staden for å heile tida investera i nye maskiner.

Ho trekkjer linjene til privatøkonomien. Har ein dårleg råd må ein vera kreativ og gjera det beste ut av det ein har.

Førebilete for andre kvinner i Hydro

Berre 20 av 160 tilsette ved Hydro i Høyanger er kvinner. Eldegard trivast i eit miljø med mange menn, men skulle alikevel sett fleire kvinner i Hydro.

– Eg håpar eg kan vera eit førebilete for andre kvinner som vil inn i Hydro. Det er masse moglegheiter i Hydro og forskjellige ting ein kan gjera. Vi treng fleire jenter her. Ikkje berre fordi dei er jenter, men også fordi eg trur vi treng ulike typar menneske i ulike posisjonar.

Eldegard tek på seg arbeidsklede og viser NRK.no rundt i aluminiumsfabrikken. Det er ingen som tenker på at ho er kvinnelig sjef blant mange menn.

I industrien er det ikkje så mange kvinner. Eldegard trur det er fordi jenter likar å pynta seg litt når dei går på jobb i staden for å ta på seg skitne arbeidsklede.

– Pyntar du deg litt ekstra i helgene då?

– Ja, frå fredag er det på med finstasen, ler Eldegard.

Snillare miljø når kvinnene kjem

John Kennet Bjørvik byrja i Høyanger Metallverk for 28 år sidan. Han fortel om eit tøffare miljø og langt færre kvinner då han byrja.

– Det var nokre ferieavløysarar som var innom, men nesten ingen faste kvinnfolk. Dei er komne dei siste 15 åra, fortel han.

– Merka du ein forskjell då dei kom inn?

– Det er blitt eit litt snillare miljø. Vi passar munnen vår litt, det er vel ikkje så tøft preik lenger, seier Bjørvik til latter på kollegaene.

Leiarstilen til Eldegard og dei mannlege sjefane som har vore før henne, merkar han ingen forskjell på.

– Det er heilt naturleg med ein kvinneleg sjef no. Ein kallar det likestilling, seier Eldegard.