Billy Fredagsvik. Arkivfoto NRK
I morgon skulle sjefen for Hydro Aluminium ha halde festtale, og etterpå var det planlagt grillfest for dei tilsette og familiane deira. Men fagforeiningane boikottar feiringa, seier leiar i Høyanger Kjemiske, Billy Fredagsvik.
Dermed er heile festen like godt avlyst.
- Ville blitt gravøl
Fagforeiningsleiarane var opprørde over at leiaren i Hydro Aluminium, Jon Harald Nilsen, skulle kome til Høyanger og halde festtale samstundes som dei nedbemannar med 120 personar eit år før planlagt. - Feiringa av at Norsk Hydro er 100 år og grillfesten som var planlagt for dei tilsette og familiane deira ville blitt eit gravøl, meiner Fredagsvik.