Hopp til innhold

Meiner Hydro Energi ikkje er hovudårsak til nedisinga

Hydro Energi kan ikkje sjå vekk frå at vatn frå deira anlegg bidreg til nedisinga av ein tunnel på fylkesveg 53 mot Årdal, men avviser at det er hovudårsaka til isproblemet.

Isdekt tunnel mellom Tyin og Årdal

ISGROTTE: Dette var synet som møtte Jarle I. Kvam då han var på veg til heimbygda Årdal på fylkesveg 53 i byrjinga av april.

Foto: PRIVAT

Då Jarle I. Kvam i byrjinga av april var på veg til heimbygda Årdal, blei han møtt av det han sjølv omtala som ei "isgrotte" i form av ein svært nedisa tunnelopning. Publikumstips sa at vatnet kunne kome frå ein av Hydro Energi sine vasstunnelar.

– Det fleire seier er at vatnet kjem frå Hydro Energi sin vasstunnel. Eg køyrer den tunnelen ganske ofte, og der er ikkje særleg kjekt å køyre, seier ein tipsar.

Har funne vasskjelde

Informasjonssjef i Hydro Energi Halvor Molland meiner vatn frå Hydro Energi ikkje er hovudproblemet.

– Vi har eit kraftverk, Holsbru kraftverk, som blei sett i gang i området i 2012. Der har vi funne at der er eit oppkome av vatn som kjem ut frå ein tunnel. Vi har følgt det vatnet, og det går langs veggrøfter, ned i ein bekk i terrenget og ut i Sitlafossen. Så det er nok ikkje vatn frå Hydro Energi som er hovudproblemet bak den isinga som skjer i området.

Samtidig kan ikkje Molland sjå bort frå at noko vatn frå Hydro-tunnelen finn vegen ned mot tunnelen på riksveg 53.

– Dei frie vassmassane som går har vi kontroll på, men vi kan ikkje sjå vekk frå at mindre mengder vatn kan bidra til ising, seier Molland.

Han meiner isinga skjer av naturlege årsaker.

– I vinter er det veldig mykje såkalla iskjøving som er vatn som kjem frå berg rundt om kring, og det er nok det som er tilfelle ved denne tunnelen.

Hydro Energi har planar om å forsøke å tette lekkasjen i sin eigen vasstunnel hausten 2019 eller 2020.

Kjent problempunkt

Seksjonssjef for Vegseksjon Sogn i Statens vegvesen, Eivind Yttri, har tidlegare fortalt at det har kome fleire meldingar om tunnelen mellom Tyin og Årdal.

– Det er kjent problempunkt med is på den plassen der, men i år har vi nok dekning for å seie at det er betydeleg meir is der enn det vi har opplevd jamt over tidlegare år.