Hopp til innhold

Dumpa farleg avfall i fire år – utan lov

Miljødirektoratet ser alvorleg på at Hydro Aluminium i Årdal i fleire år har levert farleg avfall til eit kommunalt deponi, utan å ha registrert det.

Hydro Aluminium Årdal Metallverk

FÅR REFS: Hydro Aluminium i Årdal. Her metallverket i Øvre Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eg skal ikkje skulde på nokon. Det er vi som eig dette avfallet.

fabrikksjef Egil Fredriksen, Hydro Aluminum Årdal

– Dei har eit isolasjonsmateriale som dei nyttar i støyperiet som dei sender til eit kommunalt deponi, ikkje langt frå bedrifta, seier tilsynsleiar og sjefingeniør Rune Andersen i Miljødirektoratet.

Materialet, såkalla fiberfrax, blir rekna som kreftframkallande og skal handterast som farleg avfall. Det vart slått fast i nye forskrifter som tok til å gjelde i 2010. Likevel har Hydro Aluminium i Årdal halde fram med å dumpe avfallet i eit lokalt deponi i Utladalen, slik dei har gjort i 40 år.

– I databladet for dette produktet står det at det bør handterast som farleg avfall, fordi det har ein helsemessig eigenskap som ikkje er bra, forklarer Andersen.

Fann fem avvik

Representantar for Miljødirektoratet og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane var 25. – 29. august i Årdal og gjekk Hydro sitt miljøarbeid etter i saumane. Under revisjonen fann kontrollørane fire avvik som må utbetrast innan 14. november. I tillegg vart det gitt tre merknader på forbetringspunkt.

– Vi gjorde ein del funn som gjekk på utsleppskontroll, og altså eitt funn som gjekk på deponering av avfall, opplyser Andersen.

Miljødirektoratet i Trondheim

KOM PÅ KONTROLL: Miljødirektoratet gjennomfører med jamne og ujamne mellomrom revisjon og stikkontrollar av ulike verksemder si miljøhandtering.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Han seier Hydro gjer mykje bra på miljøfronten. Det er først og fremst avviket som gjeld på deponering av farleg avfall, revisjonen er kritisk til.

Dumpa på deponi i Utladalen

Ifølgje rapporten skal det ha blitt levert fiberfrax til det kommunale deponiet Dalsurdi i Utladalen i Årdal. Fiberfrax er eit produkt som mellom anna blir nytta til å kle støypeformene i metallverket sitt støyperi. Ifølgje HMS-databladet kan produktet vere kreftframkallande ved innanding av keramiske stoff, og skal difor handterast som spesialavfall.

Direktoratet viser mellom anna til at Hydro sitt metallverk i Høyanger også nyttar fiberfrax.

– Dei har eit heilt tilsvarande avfall, men dei har valt å deklarere dette som farleg avfall og sender dette til eit godkjent mottak.

I Årdal har ein derimot valt å definere dette som ikkje-farleg avfall.

– Det vi etterlyser, og som vi saknar, er ein dokumentasjon på at dette ikkje er farleg avfall. Hydro meiner det etter å ha gjennomgått ein prosess hos dei, ikkje lenger er å sjå på som farleg avfall. Vi saknar ein dokumentasjon som viser dette.

Miljødirektoratet ber Hydro rette avvika snarast, og har gitt frist til 14. november på å dokumentere kva som er blitt gjort.

Hydro beklagar

Leiinga ved metallverket legg seg no langflate.

Egil Fredriksen

LEGG SEG FLAT: Fabrikksjef Egil Fredriksen ved Hydro Aluminium i Årdal karakteriserer det som ein glipp at dei har dumpa farleg avfall på eit lokalt deponi. Rutinane er no endra.

Foto: Heidi Lise Bakke/NRK

– Dette har vore ein praksis sidan 1970-talet. I 2010 kom det nye forskrifter som seier at vi ikkje skal deponere denne typen avfall slik vi har gjort, men dette har vi ikkje fått med oss her lokalt. Vi vart gjort merksame på dette i vinter. Då stoppa vi denne praksisen umiddelbart, seier fabrikksjef Egil Fredriksen til NRK.

– Har de sove i timen?

– Eg skal ikkje skulde på nokon. Det er vi som eig dette avfallet, men her har det vore mange partar involvert, både eigar av deponiet, fylket som gir løyve og metallverket sjølve. Det har vore mange uheldige omstende, men med ein gong vi vart gjort merksame på dette, var det slutt.

Fredriksen påpeikar også at den nye støyperiteknologien som i desse dagar blir testa ut på fleire av Hydro sine metallverk, vil gjere slutt på bruken av fiberfrax som isolasjonsmateriale i produksjonen.

– Så då vil dette avfallsproblemet forsvinne heilt, seier fabrikksjefen.

Høge fluorutslepp

I sin rapport stiller Miljødirektoratet også spørsmål til om Hydro vil klare å halde fluorutsleppa til luft innan for årskrava i utsleppsløyvet. Målingar viser at utsleppa til no i år er for høge.

Andersen har likevel inntrykk av at verksemda har god kontroll på utsleppa til luft.

– Det ligg per i dag litt over utsleppsgrensa, men kravet dei har gjeld året under eitt. Dei meiner sjølve at dei skal klare å komme seg ned under årsmiddelet.

Utslepp av fluor har opp gjennom åra vore blant dei største miljøsyndene frå metallverka i Årdal og Høyanger. I mange tiår førte utsleppa til skogsdød og det var lenge restriksjonar på dyrhald i dei to industristadane, grunna skadane fluoren påførte beitedyra. Etter at det vart montert moderne gassreinseanlegg på 1980-talet har ein i stor grad fått bukt med problemet, og vegetasjonen har komme tilbake.

– Teknologien vår er ikkje lenger blant dei nyaste, mein vi køyrer no eit prosjekt for å få ned fluorutsleppa til godt under konsesjonskravet, opplyser Fredriksen i Hydro.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Hydro på Årdalstangen

KONTROLLERTE BEGGE ANLEGGA: Miljødirektoratet sine kontrollørar var har gått grundig til verks, også ved Hydro sin karbonfabrikk på Årdalstangen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sjekkar alle aluminiumverka i år

Også i 2011 fann direktoratet avvik under revisjon av Hydro Årdal. Då vart det påpeika fire avvik og fem merknader. Mellom anna fekk verksemda kritikk for å ikkje ha tilfredsstillande analysar og rapportering av avfallsstøv.

– Det er ganske normalt at vi finn så pass mange avvik. Vi er i ein god dialog med Hydro, og generelt er vi nøgde med oppfølginga av avvika vi påpeikar, seier Andersen i Miljødirektoratet.

Direktoratet har i år spesielt fokus på aluminiumbransjen, og skal etter tur besøke aluminiumverka i Norge. Stort er kontrollørane nøgde med det dei finn.

– Generelt vil eg seie at det står bra til. På dei fleste verka ser vi at det er manglar knytt til målprogrammet som dei har ikkje er heilt på plass. Det kom nye krav frå 2010 til meir omfattande målingar: Dei fleste er i ein god prosess, men vi ser at det er ein del manglar når det gjeld dette.

I Årdal meiner fabrikksjefen at den omfattande kontrollen gjer verksemda betre på miljø.

– Ein del av strategien til Hydro er at vi skal bli grønare, seier Fredriksen, som tidlegare var fabrikksjef i Høyanger.