Hopp til innhold

Hydro-direktør: – Kraftfusjon er viktig for aluminiumsverka

Ei samanslåing av kraftproduksjonen i SFE, BKK og Hydro til eitt selskap, er viktig for utviklinga av aluminiumsverka, seier konserndirektør i Hydro, Arvid Moss.

Arvid Moss på Sandane

HYDRO-DIREKTØR: Konserndirektør i Hydro, Arvid Mos, meiner det er viktig å samle kraftproduksjonen i eit stort selskap på Vestlandet.

Foto: Øyvind Brevik / Hydro

Eigarane jobbar no med eit forslag om å slå saman produksjonsselskapa til Sogn og Fjordane Energi (SFE), BKK og deler av Hydro til ein ny gigant innan kraftmarknaden i Norge. Saman vil dei kunne produsere straum for over 600.000 husstandar. Forslaget er utarbeidd av ei arbeidsgruppe og vart presentert i august.

– Spennande at vi har sett oss ned

Planane er blitt diskuterte på fleire kantar. I politiske krinsar er dei blitt møtte med både interesse og skepsis. Førebels er det uvisst kva som vil skje og eventuelt når det vil skje noko.

Ein som i alle fall er positiv, er konserndirektør i Hydro, Arvid Moss, som besøkte SFE på Sandane i dag. Han meiner ei samanslåing av dei største selskapa som produserer kraft på Vestlandet er viktig for å sikre utviklinga av aluminiumsverka i Årdal og Høyanger.

– Eg synest det er spennande at vi no har sett oss ned for å diskutere ei større eining som kan bidra til å få fram ny vekst og ny industri på Vestlandet. For oss er dette ei spennande utgreiing å delta i, men vi har ein lang veg fram, seier Moss.

– Må ha langsiktige kontrakter

– Kor viktig er dette for Hydro på Vestlandet?

– Som alle veit er kraftproduksjon og aluminium knytta tett saman. Vi brukar 12-13 prosent av all kraft som vert produsert i Norge. At vi har god forsyning frå eigne kraftverk og lange kontrakter med andre kraftselskap er heilt avgjerande for at vi skal gjere store investeringar i Norge. Og det er det vi ønskjer. Vi ønskjer å utvikle alle aluminiumsverka våre. Det gjeld og verka i Høyanger og Årdal.

Han har tidlegare også understreka viktigheita av ein slik fusjon:

– Eit stort produksjonsselskap kan gjera Vestlandet meir attraktivt for eksisterande og ny industri, og dermed kunne bidra til fleire industriarbeidsplassar og auka verdiskaping.

Tilsette skeptiske

Planane er blitt møtt med skepsis hos dei tilsette i SFE:

– Vi veit ikkje om det er det som blir resultatet, men det er eitt av spora dei vil fylgje. Der blir plutseleg SFE den bitte vesle parten i det store spelet. Tyngdekrafta rår, så vi ser faren for at arbeidsplassar kan gå tapt, sa tillitsvald i SFGE og leiar for driftssentralen, Geir Magne Evebø.