Hydro avviser at Brasil-stenging var eit politisk spel

Hydro hevdar på det sterkaste at det ikkje låg noko politisk spel bak at dei forrige veke stengde produksjonen av råstoff i Brasil. No har dei fått løyve til å starte opp att og sikrar dermed 8000 arbeidsplassar i Hydro-systemet.

Hydro, Alunorte

OMSTRIDT: Raudslammet frå Hydro sitt aluminaverk i Brasil.

Det har storma rundt Hydro og råstoffanlegget deira, Alunorte i Brasil. Hydro har blitt møtt med skuldingar om miljøfarlege utslepp, både frå lokalbefolkninga og lokale styresmakter.

Forrige veke varsla Hydro full nedstenging av anlegget i Brasil, no har dei kome til semje med brasilianske styresmakter om å få opne produksjonen igjen.

– Ikkje politisk motivert

Stenginga var ikkje politisk motivert, slår informasjonsdirektør i Hydro, Halvor Molland, fast.

– Nei, dette var utelukkande ein operasjonell vurdering, og ein avgjerd teke av leiinga ved verket. Vi ønskte ikkje å gå på akkord med sikkerheita, og fekk tydeleg signal frå ein ekstern konsulent som er spesialist på denne type deponi, seier Molland.

Så dette hadde ingenting å gjere med det politiske spelet rundt raffineriet og området, med tanke på ureininga av drikkevatn?

– Hydro sine eige, og eksterne undersøkingar støtta av myndigheitene, bekrefta at det ikkje har vore forureining av drikkevatnet. Avgjerda som vart teke førre veke vart gjort utifrå eit sikkerheitsomsyn, så det var ikkje noko politisk i det.

– Strålande nyheiter

Avgjerda om å starte opp att produksjonen i Brasil får tillitsvalde ved aluminiumsverka i Noreg til å juble.

– Det er strålande nyheiter, ikkje minst for dei i Brasil. Det er heilt fantastisk at vi omsider kan finne roa att, seier Lars Kjetil Skeie, tillitsvald ved metallverket i Høyanger.

Sist veke sa Hydro til NRK at stenginga etter ureininga av drikkevatnet i verste fall kunne føre til stopp i produksjonen ved norske aluminiumsverk.

No har dei fått løyve til å fortsetje å ta imot alumina frå råstoffprodusenten Alunorte. Det gjer at dei kan starte opp att produksjonen – men førebels berre halv produksjon.

– Eg trur det er ein lette som går gjennom alle dei norske verka. Og eg trur gleda er minst like stor i Brasil, blant dei 8000 tilsette som ser at deira jobbsituasjon er sikra framover, seier informasjonsdirektør i Hydro, Halvor Molland.

Lars Kjetil Skeie, tilitsvald Hydro Høyanger

JUBEL I HØYANGER: Tilitsvald Lars Kjetil Skeie og dei andre på Hydro i Høyanger kan puste letta ut.

Foto: Kaia Viki / NRK

Trong marknad

Dei var i ferd med å blåse støvet av beredskapsplanane førre veke. Sidan miljømyndigheitene gav beskjed om å kutte produksjonen av kalsinert aluminium med 50 prosent frå mars har det vore ein trongt marknad.

– Bekymringa gjekk ut på om vi måtte ut på det opne marknaden for å få tilgang til den viktigaste råvara til dei norske metallverka. Det har ikkje vore lett å få tak i, og i verste fall måtte dei norske verka redusere produksjonen.

Men innan to veker er dei tilbake i halv produksjon med ein god grunnforsyning av alumina frå Alunorte i Brasil til norske verk. Det er likevel ikkje godt nok.

– Vi her avhengige av å kome tilbake i full produksjon i Alunorte, så dette er ingen varig situasjon, seier Molland.

Dialog med styresmaktene

No fortset dei kontakta med myndigheitene for å kome i gong med full produksjon.

– Vi skal demonstrere at raffineriet er klart til å starte full produksjon, og det er gjort mange investeringar og tiltak rett mot lokalbefolkninga rundt verket, så vi håpar det let seg løyse så snart som mogleg.

Leiinga ved dei norske metallverka er svært glade for nyheita om at produksjonen av råstoff i Brasil no startar opp att.

– Dette er jo heilt klart positive nyheiter for alle dei norske verka. Denne situasjonen vi hadde i Brasil no kan føre til at vi må setje i verk midlertidige tiltak, seier fabrikksjef på Hydro Husnes, Johan Berg.