Hopp til innhold

Hybridbilsalet til himmels

FØRDE (NRK): 2016 ser ut til å bli året då hybridbilen verkeleg slå gjennom. Arthur Hegrenes er ein av 25 000 som har kjøpt hybridbil i år.

Arthur Hegrenes er ein av 25 000 som har kjøpt hybrid i 2016.

NY BIL: For Arthur Hegrenes er hybridbilen midt i blinken. Han ser berre fordelar med bilen som vekslar mellom køyring på batteri og drivstoff.

Foto: Sondre Dalaker

– Når eg ladar no, så kan eg køyre fem mil. Det held det til dei fleste turane vi har, fortel Hegrenes.

Då han skulle ha seg ny bil gjorde han som stadig fleire nordmenn – han kjøpte ein hybridbil. Eit val han ikkje har angra på.

– Slik køyring vi driv no, så har vi ikkje bruk for meir motor enn elmotoren, det greier seg for bykøyring, fortel han bak rattet på den splitter nye bilen.

Ein hybridbil har ein elektrisk motor og ein forbrenningsmotor, og den kan veksla mellom desse motorane, eller nytte begge samstundes. Til no i år er det selt 7000 fleire slike bilar enn i heile 2015, syner tal frå Opplysningskontoret for vegtrafikk.

Mann vaskar bil, køyrer hybrid. Bilseljar med ladekabel. NAF mekanikar i verksted. Biltrafikk

Nøgde kundar

Også bilseljarane merkar godt at fleire har fått auga opp for den nye biltypen, sjølv om ikkje alle er sikre på førehand.

– Folk er usikre når dei kjem inn døra, og veit ikkje kva dei skal velje. Vi må gje dei eit lite spark for å få dei til å prøve bilen, og så er vi gjerne med for å demonstrere, fortel Stein Vidar Vie, dagleg leiar for Toyota Førde.

94 prosent av bilane Stein Vidar Vie har selt ved Toyota Førde i år er hybrid.

POPULÆRT: 94 prosent av bilane Stein Vidar Vie har selt ved Toyota Førde i år er hybrid. Totalt har hybridbilar stått for 24 % av det totale personbilsalet i Noreg.

Foto: Anders Tesdal Galtung

Av 112 bilar som har fått ny eigar hjå dei i år har heile 106 av dei vore hybridbilar.

– Det er utruleg mange, meir enn eg trudde sjølv. Det har vore vellukka i alle kjøpa og kundane er nøgde, men litt omvending er det.

Ein av kundane er Harald Furset, han kjøpte ny bil i mai. Og han ser berre fordelar med å velje ein bil som kan kombinere batteridrift og drivstoff.

– Det var klart det skulle bli hybrid. Det er økonomisk grunnar til det, og så er det meir inn i tida at vi skal ned med forbruket av fossilt brennstoff, forklarar han om kvifor han ikkje var i tvil.