Annie Fretheim. Foto: Torbjørn Fardal, NRK.
Så mange som 100 ungdommar frå Vik bur på hybel i Sogndal. Ein del av desse skuleelevane har nok sett fram til å flytte frå heimen, men slett ikkje alle.
- Føler seg utafor
Anni Fretheim er 17 år og går andre året på vidaregåande skule. Ho er frå Vik og kan fortelje om mange medelevar som ikkje har det så lett på hybel i Sogndal.
- Eg trur dei føler seg utafor viss dei ikkje er med i klikken i klassen. Mange føler seg til bry viss dei spør andre om dei skal finne på ting. Difor vil dei heller sitje åleine enn å plage andre, meiner Fretheim.
Britt Marit Stadheim.
Fokus på dei yngste
Kultur- og ungdomskonsulent i Vik, Britt Marit Stadheim, har no sendt eit brev til Sogndal kommune. Målet hennar er å gjere kommunen merksam på problema slik at dei kan leggje forholda til rette for dei mange hybelbuande elevane i bygda.
- Vi har fått ein del tilbakemeldingar frå foreldre og folk som har kontakt med ungdommane i Sogndal, seier Stadheim.
- Vi ønskjer spesielt fokus på fritidstilbodet til dei yngste elevane.
- Klar over problemet
Ungdomsleiar i Sogndal kommune, Elin Reinås, er oppteken av problemstillinga som blir reist av kollegaen i Vik. Men samstundes peikar Reinås på at Sogndal alt gjere mykje for dei som bur på hybel.
- Vi meiner vi tek problemet på alvor. Men ungedommane må også sjølve sjå ut frå hyblane sine, og sjå kva tilbod som eigentleg er her, og vere med å utvikle tilbodet endå meir, meiner Reinås.