Hopp til innhold

Hyar blant dei beste på femmila

Roger Aa Djupvik frå Hyen kjempa heilt i toppen då mennene kniva om norgesmeistertittelen på 50-kilometer.

Roger Aa Djupvik

11. PLASS: Roger Aa Djupvik greidde ikkje medalje, men gjekk inn til ein fin 11. plass under femmila på NM.

Foto: Rune Fossum / NRK

Laurdag var det om å gjere å vise seg sterk over dei lange distansane under NM på ski i Nordbygda. Medan kvinnene gjekk ut på 30 kilometer, var det for mennene om å gjere å ta seg først i mål etter 50 kilometer.

Ingen kunne truge Martin Johnsrud Sundby som leia løpet allereie etter 25 kilometer, og som gjekk over målstreken i einsam majestet.

To minutt etterpå kom Simen Håkon Østensen, medan Hans Christer Holund og Øystein Pettersen delte tredjeplassen då dei gjekk i mål nesten tre minutt etter NM-vinnaren.

Roger Aa Djupvik gjekk i mål 04:49,3 etter Johnsrud Sundby, noko som heldt til ein 11. plass.

Gjøran Tefre frå Førde går for NTG-G/Førde IL og gjekk inn til ein niande plass på NM sprinten i klassen menn 19–20 år.

Torstein Bu som representerer MVS/Førde IL greidde også ein niande plass på NM sprinten, han i klassen for menn 18 år.

Søndag er det finale i Norgescupen for junior.