Hopp til innhold

Huset var nær ferdig pussa opp – så mista dei alt i brann

Ingvill Henden og familien måtte sjå på at huset som dei brukt uendeleg med tid på gå opp i flammar.

Brann Hunvik

TOTALSKADD: Brannmannskap kjempa mot flammehavet i Hunvik.

Foto: ØYSTEIN TORHEIM

– Eg hadde malt siste strøket på kjøkentaket. Saman med hundane tusla eg heim og skulle køyre opp til naboen. Då eg kom opp bakken, såg eg flammane stå ut av glaset, seier Ingvill Henden.

Det var på fredag kveld det tok til å brenne i ein einebustad i Hundvik i Eid kommune. Huset tilhøyrte Henden og familien.

– Eg snudde i full fart og køyrde ned att til huset, medan eg ringde til brannvesenet. Då såg eg at løpet var køyrt, seier ho.

Ingvill Henden

OPP ATT: Ingvill Henden måtte stå å sjå på at huset hennar brann ned, men har planar om å bygge det opp att.

Foto: Privat

Henden visste det ville ta tid før brannvesenet var framme på staden. Hunvik ligg 7,5 kilometer frå næraste busstopp og 15 kilometer frå Nordfjordeid. For å komme seg til bygda må ein over eit fjell der det ofte er vanskelege køyreforhold.

– Eg måtte sjå på at alt forsvann utan at eg kunne berge noko. Eg trur at bilen med vatn var framme etter 35 minutt. Brannvesenet gjorde ein fantastisk innsats.

I fleire år har ho sjølv jobba i brannvesenet, men på fredag var Henden hjelpelaus mot flammane.

– Det er det eg kan og er utdanna til, så kan ein ikkje gjere noko med det. Det einaste eg kunne gjere, var å stå med nevane i lomma.

Berre grunnmuren står att. Hunvik, Eid.

GRUNNMUR: Slik såg det ut på branntomta dagen etter brannen. Berre grunnmuren står att.

Foto: Ingvill Henden

Berre småtteri att før huset var ferdig pussa opp

Huset frå 1934 kjøpte dei for eitt år sidan. Sidan då har familien stått på dag og natt for gjere det ferdig til utleige i sommar. Fleire timar med pussing, måling og snikring gjekk opp i røyk.

– Det er berre tomt og trist. Utruleg synd at dette skjedde då vi var ferdig og skulle leige det ut, seier Henden.

I den vesle bygda bur det sju personar. For Henden og familien har laurdagen bydd på ettertanke.

– Det er viktig at vegane våre er skikkelege om noko skjer. Vi må klare oss best mogleg sjølv. Brannvesenet må jo bruke den køyretida dei treng uansett, seier ho.

Uansett kor trist og grå kvardagen er etter husbrannen, så har heile familien eit klart mål.

– Vi må få huset opp att, seier Henden.

Brann Hunvik
Foto: Øystein Torheim