NRK Meny
Normal

Huset deira har 1814-historie i veggane - her vart tre utsendingar til Eidsvoll valde

Dette kvite bustadhuset i Vik løyner ei viktig, men for mange ukjend historie. For 200 år sidan møttest nemleg valmenn frå heile fylket her for å velja utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll.

Arne Skeie og Eva Vatle Skeie

LØYNER VIKTIG 1814-HISTORIE: Ekteparet Arne Skeie og Eva Vatle Skeie er glade for at dei ikkje lånte øyre til dei som rådde dei til å brenna Lyche-huset og byggja opp eit nytt.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Lokalhistorikar Arne Inge Sæbø står utanfor eit forholdsvis stort bustadhus på garden Vange i Vik. Han skal besøkja dagens eigarar av det som blir kalla for Lyche-huset.

Namnet har bygningen fått etter kaptein Lyche, som budde på Vange på slutten av 1800-talet, i den tida Sognebataljonen hadde øvingane sine i Vik.

– Det er sikkert mange i Vik som ikkje veit kva som skjedde her inne for 200 år sidan, seier Sæbø.

42 valmenn på Vange

Eva Vatle Skeie og Arne Skeie tek vel i mot lokalhistorikaren og følgjer han inn i stova, der det historiske truleg fann stad. 30. mars 1814 møttest nemleg 42 menn frå Nordre Bergenhus Amt - det som i dag er Sogn og Fjordane - nettopp her på Vange.

Dei 42 var nokre veker tidlegare valde frå dei ulike prestegjelda i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Det historisk viktige oppdraget deira var å peika ut tre representantar frå amtet til riksforsamlinga på Eidsvoll.

Og den utveljinga skjedde altså i ei litt over 30 kvadratmeter stor stove i ei bygd som geografisk låg i utkanten av fylket, også den gongen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Eva Vatle Skeie, Arne Skeie og Arne Inge Sæbø

POLITISK SENTRUM: - Vik blei vald som møteplass i 1814 truleg fordi bygda var ei av dei største den gongen, og fordi her var militærplass, i tillegg til at fjorden var ferdavegen, seier lokalhistorikar Arne Inge Sæbø. Til venstre: Eva Vatle Skeie og Arne Skeie.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Eit politisk sentrum


– Vik var ei av dei større bygdene i fylket tidleg på 1800-talet. Her var militærplass, og på den tida var fjorden ferdavegen. Truleg var dette medverkande til at det blei bestemt å møtast i Vik, seier Sæbø.


I møtet på Vange blei følgjande tre menn valde til riksforsamlinga, som skulle finna stad knappe to veker seinare: Sorenskrivar Lars Johannes Irgens , sokneprest Niels (Nicolay) Nielsen og gardbrukar Peder Hjermann frå Lærdal.

Christian Frederik


I tillegg til sjølve utnemninga reknar historikarane med at dei 42 valmennene hadde med seg kvart sitt høgtidelege skriv frå prestegjeld sitt - til prins Christian Frederik.

Christian Frederik var statthaldar i Norge og meinte at han hadde arverett til den norske trona. Desse skriva - eller adressene, som dei blei kalla - frå prestegjelda var difor viktige for prinsen, fordi dei fortalde kva støtte sjølvstendetanken hans hadde i folket kringom i landet.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Lyche-huset i Vik

STASELEG HUS: Ei eldre teikning av korleis Lyche-huset såg ut før ombygginga.

Påhalden penn


Adressene var skrivne i høgtideleg kansellistil med oppstylta ord og lange, innfløkte setningar. Helsingane var utforma mykje godt på same lesten, men på eitt punkt var spriket stort.

Mange av dei 12 "agtverdige mænd", som i kvart prestegjeld skulle signera adressa, skreiv ikkje under sjølve. Spesielt ille i så måte var stoda på Vestlandet: Her kan ein finna fleire sokn, der alle dei 12 fekk andre personar til å skriva under for seg.

– Eg kan jo nemna at i Sogndal skreiv seks under med påhalden penn, i Aurland heile 11 og i Lærdal fem, men altså ingen her i Vik, så no kan me vera stolte av det òg, seier Sæbø med eit glimt i auga.

Men det kan òg vera andre forklaringar på at mennene ikkje skreiv namnet med eiga hjelp, som at dei beste var ute på vinterfiske i denne tida, eller at fjørpennen rett og slett var uvand og vanskeleg å bruka for kraftige arbeidsnevar.

Lokalhistorikar Jan Anders Timberlid hallar mest til denne teorien. Mange prestar var opptekne av at skrivet til prinsen skulle ta seg godt ut og meinte det ville bli penare om meir skriveføre skreiv namna.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Eva Vatle Skeie

Eva Vatle Skeie viser fram det opphavlege tømmeret frå 1700-talet som framleis står. Huseigarane tok òg vare på den utvendige kledinga frå 1884 då dei restaurerte huset.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Staseleg hus


At nettopp Lyche-huset blei valt som møteplass for dei 42 utsendingane, var truleg ikkje tilfeldig. Huset, som blei bygt av major Wilhelm Coucheron for nesten tre hundre år sidan, var ikkje kva som helst slags bygning i 1814:


– Det var nokså likt den gamle prestegarden i Vik, som i dag står på folkemuseet på Kaupanger. Og det blir sagt at presten ikkje likte at det var andre i bygda som bygde eit nesten like flott hus som prestegarden, fortel Sæbø.

Nytt Vange-møte


Eit halvt år etter Vange-møtet blei Lyche-huset igjen det politiske midtpunktet i fylket. I september 1814 møttest på nytt valmenn frå Nordre Bergenhus Amt i Vik. Denne gongen skulle det veljast fire representantar til Stortinget.

Det nye tinget hadde som oppgåve å forhandla fram endringar i grunnlova slik at ho kunne tilpassast ein union med Sverige.

– Ærefrykt


I 1980 kjøpte Eva og Arne Skeie huset på Vange, og dei flytta inn året etter. Den gongen visste dei ingenting om det som hadde skjedd nesten 200 år tidlegare. Å bu i eit hus som var sentralt i 1814-hendingane i fylket, vekkjer kjensler:

– Eg kjenner litt ærefrykt, og samstundes er det litt med anger at me ikkje visste meir om desse hendingane den gongen me bygde om huset, og tok vare på endå fleire ting, seier Eva Vatle Skeie.

Ekteparet tok vare på den opphavlege tømra frå 1700-talet, som framleis står. Det gjer òg den utvendige kledinga frå 1884.

– Eg tykkjer me kan vera litt stolte av å ha fått huset i stand, og at det er eit leveleg hus i dag òg, seier Vatle Skeie.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Lyche-huset på Vange i Vik

HUSET PÅ VANGE: Det historiske Lyche-huset var nokså likt den gamle prestegarden i Vik. Og det blir sagt at presten ikkje likte at der var andre i bygda som bygde eit nesten like flott hus som prestegarden.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Brenn opp huset!


Då ekteparet Skeie kom til Vange for over tretti år sidan, var det berre utedo og innlagt kaldt vatn. Då dei byrja arbeidet med å stella huset i stand att, var det difor mange som rådde dei til å gå drastisk til verks, minnest Arne Skeie:

– Dei tykte den gongen at huset såg dårleg ut og rådde oss til å setja fyr på det og ikkje bruka pengar på å setja det i stand. Men me hadde interesse av å ta vare på gamle hus, så me valde å reparera det.

– Kva tenkjer du i dag om at folk rådde dykk til å brenna huset ?


– Eg får håpa at einkvan hadde stogga oss viss me hadde hatt dei tankane. Eg er iallfall glad for at me tok vare på det, seier Skeie.

Dei 42 utsendingane i Vik

Det er sikkert mange etterkomarar etter dei 42 som møttest på Vange i Vik 30. mars 1814. Her er oversynet over utsendingane, fordelt på prestgegjeld:

Eivindvik: Gardbrukar Mons Andersson Netteland (f. 1784) og gardbrukar Lasse Hermundsson Brekke (f. 1759).

Lavik: Sokneprest Ludvig Daae (f. 1774) og lensmann Anders Torkildsson Ringereide (f. 1761).

Vik: Fut R. Endresen (f. 1767) og gardbrukar Ola Rognaldsson Hopperstad (f. 1761).

Leikanger: Personleg kapellan Ludvig Daae (1786) og gardbrukar Markus Arnfinsson Hovland (f. 1763).

Sogndal: Sorenskrivar Lars Johannes Irgens (1775) og lensmann Lars Iversson Westrem (f. 1749).

Aurland: Sokneprest Ole Aabel (1757) og gardbrukar Jon Tolleivsson Høydal (f. 1783).

Lærdal: Gardbrukar Peder S. Pederson Hjermann (f. 1754) og sokneprest Ulrik F. Bøyesen (f. 1773).

Hafslo: Forlikskommisjonær Mogens Tobiesen (f. 1749) og gardbrukar Lars Arnesson Grov (f. 1774).

Luster: Sokneperst og riddar Edvard Qvale (f. 1766) og lensmann Hans Urdahl (f. 1769).

Jostedal: Gardbrukar Tøger Larsson Kronen (f. 1774) og gardbrukar Rasmus Larsson Fåberg (f. 1777).

Askvoll: Gardbrukar Wilum Jansson Vilnes (f. 1774) og gjestgjevar Ola Eliasson Kaland (f. 1781).

Ytre Holmedal: Sokneprest Niels Nicolay Nielsen (f. 1777) og gardbrukar Lasse Johannesson Heggheim (f. 1759).

Indre Holmedal: Gardbrukar Ola Olsson Tormodset (f. 1777) og gardbrukar Mads Olsson Grønhaug (f. 1764).

Jølster: Forlikskommisjonær Johannes Eriksson Nedrebø (f. 1764) og gardbrukar Ola Nilsson Huus (f. 1757).

Førde: Gardbrukar Mathias Mortensson Flokenes (f. 1773) og gardbrukar Ola Ivarsson Gravdahl (f. 1759).

Kinn: Gardbrukar Peder Jensson Florøen (f. 1780) og gardbrukar Peder Abrahamsson (f. 1778).

Selje: Gardbrukar Ingebrigt Hansson Hals (f. 1745) og gardbrukar Christen Valdemarsson Barmen (f. 1777).

Davik: Gardbrukar Anders Pedersson Ottren (f. 1764) og gardbrukar Martinus Pedersson Leivdal (f. 1769).

Eid: Gardbrukar og bygselmann Peder Eriksson Otterdal (f. 1781) og handelsmann, proprietær og forlikskommisjonær T.I.Ravn (f. 1753).

Gloppen: Gardbrukar Steffen Torsson Byrkjelo (f. 1779) og gardbrukar Jetmund Larsson Rygg (f. 1758).

Innvik: Lensmann Rasmus Kirkhorn (f. 1765) og gardbrukar Lasse Abrahamson Opheim (f. 1764).

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.