NRK Meny
Normal

Huset som går i eitt med miljøet

Miljøhuset i Gaular hentar energi frå sol og vatn. Håvard Korsvoll og Elisabeth Kjerstad Bøe, får stadig spørsmål frå folk som ønskjer å gjennomføre liknande prosjekt.

Miljøhus

GÅR I EIT MED NATUREN: Fasaden er behandla med jernvitron som får gråningsprosessen til å gå raskare. – Det som skjer når treet vert grått er at det ytre laget døyr. Då klarar ikkje soppen som er avhengig av friskt tre, å etablere seg. I tillegg slepp vi vedlikehald og synast ein slik fasade er fin, fortel Korsvoll.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Du finn anten forskingsrapportar på 100 sider eller glade amatørar som oss, som bloggar om prosjektet sitt, fortel Bøe.

Elisabeth Kjerstad Bøe og Håvard Korsvoll flytta frå Trondheim til staden i Gaular kvar Korsvoll vaks opp. I oktober 2016 var miljøhuset på Bjørvikneset innflyttingsklart. Fire år etter at prosessen starta.

– Miljøvenlege materiale er lett å oppdrive. Problemet er å finne ut kor miljøvenlege produkta faktisk er. I datablad for miljøavtrykk til material er ikkje levetida med. Difor engasjerte vi nokon til å lage ei livsløpsanalyse for huset, fortel Korsvoll.

Elisabeth Bøe og Håvard Korsvoll

MILJØHUSET FUNGERER ETTER TANKEN: Elisabeth Kjerstad Bøe og Håvard Korsvoll. – Det ballar på seg når ein først har starta. Ein vert veldig interessert i prosjektet og har lyst til å utvide. Heilt ferdig med miljøhuset vert vi nok aldri.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Vi fann leverandørar som kunne tilby hus i massivtre, men vi har vore byggherrar, prosjektert sjølve og samarbeida med arkitekt. Eg trur det er enklare å velje miljøvenleg dersom ein fekk eit fiks ferdig miljøhus, der nokon hadde tenkt tankane for deg, seier Bøe.

Miljøhus i Gaular

SOLENERGI: På det sørvende taket er det plassert 32 solcellepanel. – På solrike dagar leverer vi straum tilbake til nettet. Vi er ein såkalla plusskunde som både brukar og produserer straum. Om vinteren er det lite produksjon, då kjøper vi mesteparten. Det same gjeld om natta. Det ideelle hadde vore å ha eit batterilager. Då kan vi utnytte meir av straumen vi produserer, fortel Korsvoll.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Auka interesse for miljøhus

Det er ikkje mange som har eit liknande hus, men ekteparet merkar den auka interessa. Stadig får dei førespurnadar frå folk som ynskjer tips og informasjon om korleis ein bygger miljøvenleg.

Miljøhus

OPE HUS: I samband med eit miljøarrangement på Villa Åmot i Bygstad, hadde Korsvoll og Bøe ope hus. Trine Skei Grande (V) fekk ei omvising i miljøhuset.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Vi får spesifikke spørsmål om materialval, men også om kva produkt som finst. Eg trur det har vorte meir vanleg å bygge i massivtre og tenker at materialet skal ha god varmekapasitet, fortel Korsvoll.

Det har også skjedd ein del sidan dei starta prosjektet for fire år sidan.

– No har det kome fleire ferdighus på marknaden innan plusshus, altså hus som produserer eigen energi. Då vi starta, sleit vi veldig med å finne leverandørar på solceller, seier Korsvoll.

Miljøhus

DET TEKNISKE ROMMET: Her vert solenergi omgjort til straum. – Desse tre innretningane gjer om likestraum til vekselstraum tilpassa nettet her. Solcelleleverandørane leverer mest nede i Europa. Der har dei eit anna type nett. Dermed var det litt problematisk å finne ut av, men den løysinga vi fann fungerer bra, fortel Håvard Korsvoll.

Foto: Wibeke Bruland / NRK
Miljøhus

STORE VINDAUGE OG TEGLSTEINSMURAR: Varme frå innstråling vert også nytta. Store sørvende vindauge syt for at sola skin på teglsteinsmurar. Desse lagrar varme gjennom døgnet. Ventilar oppe og nede gjev sirkulasjon og varmen blir fordelt i rommet.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Eit godt fungerande miljøhus

– I eit samfunnsperspektiv er det kanskje lurt at enkelte husstandar produserer straum til å klare seg sjølv. Vi har ikkje budd lenge nok i huset til å sjå korleis alt fungerer på sikt, og kva ein bør utvide med, seier Korsvoll.

Elisabeth og Håvard

FUNGERER: Temperaturen er stabil og energiutgiftene låge. Takventilar opnar og lukkar seg automatisk fire gongar i døgnet, og treveggane har gode eigenskapar for inneklimaet

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Huset ligg rett ved Dalsfjorden og også tilgangen til vatnet vert utnytta.

– Vi har ei pumpe med ei sløyfe som går omtrent 200 meter ut i fjorden. Vatnet vi pumpar inn går til kranane i huset og til oppvarming av golv, seier Korsvoll.

Miljøhuset dei har bygd vart slik dei hadde tenkt.

– Det er ikkje ofte ein bygger hus. Vi har i alle fall tenkt å bygge berre ein gong, og då må ein jo gjere det skikkeleg!

Inne i miljøhuset

BIVOKS OG NATURMATERIAL: Treveggane er behandla med bivoks og innvendig har dei nytta kalkmåling. Kjerstad Bøe og Håvard Korsvoll har brukt material som ikkje gir frå seg giftige gassar. Bivoks konserverer treet slik at det ikkje vert gult. Eit anna miljøtiltak er teglsteinane, som er gjenbruk. Det er eit restparti frå eit byggeprosjekt i Førde.

Foto: Wibeke Bruland / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå