Hopp til innhold

Huset er totalskadd

Først i morgontimane fredag kunne brannmannskapa avslutte sløkkingsarbeidet ved brannruinen i Jostedalen i Luster. Ein 62 år gammal mann er alvorleg skadd etter brannen på Myklemyr.

Brann i Jostedalen

TAKET KOLLAPSA: Flammane hadde tatt godt tak i einebustaden då brannmannskapa kom til staden.

Foto: Halvor Farsund Storevik / NRK

– I femtida i dag tidleg reiste dei siste mannskapa frå brannstaden. Dei har halde vakt på branntomta heile natta, opplyser vaktleiar Frode Eide ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Forbipasserande melde om brann

Det var i 16-tida torsdag at forbipasserande melde om at ein einebustad stod i brann på Myklemyr i nedre del av Jostedal. Ein 62 år gammal mann som budde i huser ligg no på Haukeland universitetssjukehus med alvorlege skader etter brannen.

16 personar frå brannvesenet i Luster deltok i sløkkingsarbeidet. Utover natta har seks personar halde kontroll på flammane.

Har ettersløkt og halde vakt

– Dei har halde vakt heile natta. Det har vore vanskeleg å komme til der det måtte ligg glør. Huset står att med vegger, men taket har kollapsa og falle ned. Det har lagt som eit skal. I tillegg var det ein del vind på staden i går kveld, som er lite gunstig for sløkkearbeid.

– Var det fare for at brannen skulle spreie seg til andre bygg?

– Nei, det hadde dei god kontroll på, seier Eide.

Ein mann i 60-åra er frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus med kritiske skader etter å ha blitt henta ut frå ein einebustad i brann

VIDEO: Brannmannskapa jobbar med å sløkke brannen torsdag kveld.

Åstadsgransking

Han fortel at brannvesenet fekk god kontroll på flammane etter halvanna time. I 18-tida torsdag kveld vart det meldt at det ikkje lenger var synlege flammar i huset.

Årsaka til brannen er ikkje kjent. Politiet håpar å kunne starte åstadsgransking i løpet av fredagen.

– Brannstaden skal vere bra nedkjølt. Det er for tidleg å seie kvar i huset brannen starta, opplyser Eide ved Alarmsentralen.