Hopp til innhold

Dette huset er det ingen som vil ha...

Sjølve symbolet på oktoberflaumen i Aurland, det raude huset i Flåmselva, er blitt ei plage for kommunen og grunneigaren.

Herrelaust avfall

UTAN REISEFORSIKRING: Ingen forsikringar hadde tatt høgde for at huset kunne flytte seg ein kilometer. No er huset å rekne som søppel etter at det står på ein bonde si mark.

Foto: Arne Veum

– Huset hadde ikkje reiseforsikring, spøkar konstituert lensmann Knut Arne Klingenberg.

Det raude huset i elva vart sjølve symbolet på herjingane i Flåmselvi i oktober. Over 30 personar vart evakuerte under flaumen, og fleire vart huslause. For eigaren av huset var det ingen forsikringar mot at det skulle flytte seg, skriv bygdebladet Aurlendingen.

Definert som herrelaust avfall

– Det er per definisjon herrelaust avfall for forsikringsselskapa. Forsikringa gjeld berre der huset står, men at det skulle flytte seg om lag ein kilometer med elva og hamne på bøen til ein bonde, var ikkje eigaren forsikra mot. Og forsikringsselskapa ryddar ikkje på «annan manns grunn», seier Klingenberg.

Flåmselvi sine herjingar

REISTE EIN KILOMETER: Det raude huset stod ved kyrkja, men vart flytta ein kilometer av elva.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Difor måtte lensmannen utøve skjønn på eigedommen for å få rydda opp. Han meiner det er ein kostnad Naturskadefondet må ta, i forhold til å få rydde på innmark.

– Vi hadde skjønn på eigedommen der huset hamna i førre veke, og det blir ein del av dei innmelde naturskadane. No vil kommunen ta på seg å få fjerna huset like over påske, seier Klingenberg.

Knut Arne Klingenberg

UTØVER SKJØNN: Knut Arne Klingenberg er konstituert lensmann i Aurland.

For Aurland kommune er det rekna at oppryddinga vil koste 130 millionar kroner. Berre å få fjerna det herrelaust huset kjem kostnaden på rundt 100 000 kroner.

– Her er det mange gråsoner, der mange ikkje vil ta ansvar, seier Steve Elgåen i Aurland kommune.

Kommunen tar ansvar

Han er frustrert over forsikringsselskapa ikkje er villige til å strekke seg lenger for å få oppgjeret i hamn.

– Dette er upløgd mark. Men det kjem til å komme fleire slike saker for det vil bli meir ekstremvêr og fleire skader, seier Elgåen.

Han meiner huset lett lar seg spore tilbake til eigar og at vedkommande forsikringsselskap burde tatt ansvar for å rydde opp. Men no blir det opp til stat eller kommune å gjere det. Og slike saker har det vore mange av etter flaumen.

– Til no har vi hatt 23 skjønn på innmelde skader etter flaumen. Totalt kom det inn rundt 50 krav. Så vi har mange omfattande skader att, seier Klingenberg.

– Men ingen av dei er i så store bitar som dette raude huset, seier Klingenberg.