Hopp til innhold

Huseigar melde sjølv frå om brann

Huseigaren slo sjølv alarm då det tok til å brenne i bustadhuset i Deknepollen i Vågsøy.

Tok til å brenne i einebustad

UTE: Ingen var inne i huset då det tok til å brenne. Brannvesenet var raskt på staden og brannen vart meld sløkt klokka 11.45.

Foto: Bjarne Eldevik

– Vi fekk melding klokka 11.25 om at det brann i ein einebustad. Det var huseigar sjølv som melde i frå, seier Frode Eide, som er vakthavande ved 110-sentralen i Florø.

Huseigaren var ute i hagen og jobba, då han oppdaga at noko var gale fatt. Til alt hell var det ikkje folk inne i huset då det tok til å brenne.

Kraftig røykutvikling

Dei første brannmannskapa som kom fram til staden, melde om kraftig røykutvikling frå bustaden.

Brannen vart meldt sløkt om lag klokka 11.45, og riksveg 15 er stengd ved Nygård i samband med ettersløkkingsarbeidet.

No jobbar dei med å lufte ut bustaden, seier Eide.

Det er førebels for tidleg å seie noko om kor i huset det brann, eller kor store skadar huset har fått.

For tidleg å seie noko om skadar

Måløy brannvesen var på staden med 15 mann.

Det er for tidleg å seie noko om kor skadd huset er. Det var kraftig røykutvikling på staden, så ein del av huset har truleg røykskadar, seier Eide.

15 mann frå Måløy brannvesen deltok i sløkkingsarbeidet.