Huseiernes Landsforbund uroa over at det blir stadig dyrare å bu

Halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane budsjetterer med auka eigedomsskatt for 2019. Stadig aukande bu-utgifter bekymrar Huseiernes Landsforbund.

Utsikt over Måløy sentrum

AUKE: 62,7 prosent er auken i Vågsøy kommune, når ein samanliknar faktiske eigedomsskatteinntekter i 2017 med budsjetterte inntekter i 2019.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Det er i Vågsøy, Gloppen og Askvoll ein finn den største auken om ein samanliknar faktiske tal for 2017 med budsjettere eigedomsskatteinntekter for 2019.

I Vågsøy er auken på 62,7 prosent. Halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane har budsjettert med auka eigedomsskatt.

Distriktsleiar Jan Erik Mardal i Huseiernes Landsforbund likar ikkje utviklinga.

– I Sogn og Fjordane er det fire-fem kommunar som skil seg ut i negativ forstand. Det bekymrar oss, for vi veit at eigedomsskatt ikkje tek omsyn til innbyggjarane sine inntekter og gjeldsbelastning.

– Har enkel forklaring

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) seier auken i eigedomsskatteinntekter i Vågsøy har ei enkel forklaring:

– Det skuldast i hovudsak at vi har gjort ei retaksering som vi er pålagde å gjere, seier ho.

Denne auken er på ti prosent. Politisk er det vedteke berre mindre endringar, seier Maurstad.

– Det er få politikarar som ønskjer å leggje eigedomsskatt på innbyggjarane. Då det blei innført i Vågsøy hadde ein ikkje noko val. Så lenge vi ikkje hadde utnytta inntektspotensialet, ville vi ikkje få skjønnsmidlar.

– Sjølv om de er pålagde å retaksere, kunne de ikkje senka skattepromillen?

– Jo, klart vi kunne ha senka promillen slik at retakseringa ikkje førte til ein auke for innbyggjarane. Men dette ville då ha gått utover dei kommunale tenestene i Vågsøy, og slike kutt i tenestene ville ikkje ha vore forsvarleg.

Større totalkostnader

I 2019 er det 288 kommunar som har eigedomsskatt på bustad.

Samanliknar ein bustader på 120 kvadratmeter over heile landet, kjem Naustdal ut som ein av kommunane som krev inn mest eigedomsskatt.

Naustdal har lenge lege «i toppen» av denne statistikken, fortel Mardal.

Trass i den store prosentvise auken i Vågsøy og Gloppen, ligg desse kommunane likevel midt i sjiktet når det gjeld nivået på eigedomsskatt, seier Mardal, som meiner at auken likevel viser ein trend.

I går varsla Noregs Bank at styringsrenta blir heva. Mardal seier utviklinga går i retning høgare totale bukostnader.

– Skatten kjem opp på alt anna, auka renter og kommunale avgifter, og i snitt høge straumprisar.

Mardal det kan bli meir utfordrande å eige eigen bustad i åra som kjem, om det ikkje blir teke sentrale og lokale grep.

– Eigedomsskatt bør inn som tema i valkampen, meiner distriktsleiaren.

Jan Erik Mardal, Huseiernes Landsforbund, avd. Sogn og Fjordane

UROA:– Vi eigedomsskatten at den ikkje tek omsyn til den enkelte si inntekt, og heller ikkje gjeldsgraden til den enkelte. Vi meiner den bør avviklast, seier distriktsleiar Jan Erik Mardal i Huseiernes Landsforbund.

Foto: Pressefoto

Må sjå på kommuneøkonomien

Maurstad er samd med Mardal i at ein må passe på at dei samla bukostnadene ikkje blir for høge. I dette meiner ho det også er viktig å sjå på rammene for kommuneøkonomien.

– Vi har ikkje dei økonomiske rammene vi skulle hatt, seier Vågsøy-ordføraren.

Regjeringa har bestemt at nivået på eigedomsskatt skal reduserast frå sju til fem promille frå 2020, Mardal er spent på korleis det faktisk blir gjort.

– Eg fryktar kommunane innrettar seg slik at dei omgår regelendringar, det beror på kva måte kommunane reknar ut verdiane, seier han.