Hopp til innhold

Husdyra har fått det verre

Norske kjæledyr og husdyr har fått det verre dei siste åra, meiner Mattilsynet. Dei trur rusmisbruk, fleire samlivsbrot og stram økonomi i landbruket har skulda.

 

Forsømte kyr
Foto: Mattilsynet

No varslar Mattilsynet meir bruk av bøter og frådømming av retten til å halde dyr.

- Har fått det verre

I fjøset til Per Stuhaug i Naustdal står det nøgde kyr på rekkje og rad. Men ikkje på alle gardar står det like bra til med dyra. Stuhaug er leiar i dyrevernsnemda for Sunnfjord og ytre Sogn, og han har tjue års erfaring med tilsyn av dyr. Han merkar godt at både husdyr og kjæledyr har fått det verre med åra.

- Folk reiser frå kjæledyra sine, katten slepper dei ut når dei reiser på ferie, hundar blir gjerne sett igjen med mat når eigarane reiser vekk fleire dagar, dyra får ikkje det tilsynet dei skal ha.

- Ofte personlege tragediar

På gardane får samlivsbrot og vanskeleg økonomi fylgjer for korleis dyra har det.

- Det skjer ofte der folk får problem, det ligg ofte personlege tragediar bak, både for kjæledyr og husdyr. Økonomien i landbruket kan og spele inn, det har vore fallande tendens. Vi blir garva etter kvart, vi har sett forskjellig, men det gjer inntrykk.

- Sei frå!

No vil Mattilsynet at folk skal bli flinkare til å seie frå når dei observerer vanstell av dyr, seier distriktssjef Rune Myklatun.

- Vi ynskjer å nå ut til publikum med informasjon om dyrevernarbeidet i Noreg, kven som har ansvaret og kvar folk kan vende seg dersom dei har saker dei ynskjer å tipse oss om.