Hopp til innhold

Husbukk et opp verdsarven

Bygningsmassen i bygda Dyrdal ved Nærøyfjorden er i ferd med å bli føde for husbukk.

Dyrdal
Foto: NRK

- Det er betydelege reparasjonar, heilt klart, og her må staten inn. Staten har sjølv vore med å melde dette inn i verdsarvområdet, så dei har heilt klart ansvar, seier fagkoordinator i Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Trond Sundby.

20 mm

Det er eit lite kryp på omlag 20 millimeter som er i ferd med å rasere det gamle klyngetunet i Dyrdal i Aurland. Husbukken et rett og slett opp husa der. Helge Karlsen er medeigar i eitt av husa og fortel om store skader.

- Det er problem på alle bygg der inne, meir eller mindre. Det er det som gjer det så vanskeleg å halde dei ved like.

- I Dyrdal er det ikkje så enkelt å ha prosjekt gåande for ein er avhengig av transport sjøvegen. Då er det ikkje så enkelt å ha handtverkarar der inne, seier Karlsen om den veglause og fråflytte bygda.

Vanskeleg å få gjort noko

Det er og eit problem at husa ligg midt i verdsarvområdet, fortel fagkoordinator Trond Sundby for plan og samfunn i fylkeskommunen. Han seier det er vanskeleg å få pengar til prosjekt der ein må skifte ut alt materiale

- Eg meiner det er sjølve byggeforma som er det viktigaste, og vi vil ta initiativ til ei utvida tilskotsordning slik at vi kan behalde klyngetunet som bygningsform i det landskapet. Om ein ikkje gjer noko står det i fare for å forfalle, seier Trond Sundby.