Hopp til innhold

Husbrann i Deknepollen

Ein mann berga seg ut av eit brennande hus i Deknepollen i natt.

Deknepollen

Politiet fekk melding om brannen i klokka 03 natt til søndag. Då brannvesenet kom til staden var det mykje røyk, men ikkje opne flammar.

Ein mann berga seg ut av huset på eiga hand. Han vart seinare sjekka av helsepersonell.

Politiet og brannvesenet sine førebelse undersøkingar viser at brannen har starta i kjellaretasjen, men årsaka er ikkje kjend.

Klokka 0327 fekk Alarmsentralen stadfesta at brannen var sløkt.