Hopp til innhold

Her letta Florø-helten 20 kilo

FLORØ (NRK): – Eg hadde berre eitt mål. Å dunke ballen i mål, strålar Christer Husa etter opprykket til 1. divisjon.

Christer Husa tok Florø opp i leiinga.

STOLT: Christer Husa har nett sett inn 1–0 i opprykkskampen mot Nest-Sotra. –– Eg trur ikkje dei var komfortable med å komme hit og måtte vinne. Dei måtte satse her for å framleis ha håp om siger. Og tape gjer ikkje vi. Vi har tapt ein kamp heile sesongen, og det var bra. Det skjerpa oss skikkeleg, seier Husa.

Foto: TRULS KLEIVEN

Husa har god grunn til å juble over laurdagen. Med ei scoring og ein målgjevande pasning medverka han sterkt til at Florø Fotball neste sesong spelar på nest øvste nivå i Norge.

Den forløysande scoringa kom på frispark frå kring 20 meter.

– Det forsvann 20 kilo frå skuldrene mine. Då var det berre om å gjere å komme seg på løpebana og bort til fansen, skildrar Husa.

Imponert over laget

– Vi har ikkje scora på direkte frispark i år, så vi har terpa på det denne veka. I dag skulle den komme. Eg har hatt ei god kjensle heile veka på at noko skulle skje. Det var berre å dunke den inn, seier han.

Mål og jubel i Florø

SJÅ VIDEO: Med to scoringar og null baklengsmål mot Nest-Sotra kunne heimepublikummet sleppe alle hemningar lause og juble for opprykk til 1. divisjon. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL)

Scoringa var den første i opprykkskampen mellom heimelaget og Nest-Sotra. Gjestene måtte ha poeng for å framleis ha moglegheit til å ta steget tilbake i divisjonen dei kom ned frå førre sesong.

Med Florø-siger var opprykket sikra for Terje Rognsø sitt hovudsaklege lokale mannskap.

– Det var framleis 25 minuttar att og eg føler vi hadde grei kontroll på slutten sjølv om dei var farleg frampå. Det vart litt kaos, men det blir det gjerne i slike kampar, legg han til.

– Imponert over laget

Det unge Florø-laget og Nest-Sotra har kniva side om side og har lenge utkrystallisert seg som dei desidert beste laga i avdelinga.

– Det er heilt utruleg kva vi har fått til, og eg er så utruleg stolt over gutane og det vi har fått til denne sesongen. 13 sigrar på rad no er heilt vilt, seier Husa og nesten ikkje trur det sjølv kva han har vore med på denne sesongen.

Endre Kupen etten opprykk til 1.divisjon

SJÅ VIDEO: Endre Kupen scora sitt 26. mål for sesongen mot Nest-Sotra. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL)

Over 2.700 tilskodarar tok turen til den siste – og avgjerande heimekampen.

– Vi hadde alt å spele for, og alle som møtte. Det er heilt vilt. Hadde det vore slikt så hadde vi spelt høgt oppe. Det er ikkje berre å gå ut på bana, vere snill pus og tru at det går av seg sjølv. Du må ha eit visst tenningsnivå for at ting skal gå av seg sjølv. Det var det i dag, seier han.

– No skal vi til Vegas

Endre Kupen fekk æra av å fastsette sluttresultatet med få minuttar att. Då hadde han allereie brent ei lang rekkje sjansar.

– Eg fattar ikkje at eg kunne bomme på dei feite sjansane. Hadde dei utlikna på slutten, så hadde eg ikkje fått sove i natt, seier seljeværingen, som også er den mest målkåte spissen i dei tre øvste divisjonane med sine 26 mål.

Terje Rognsø
Foto: Truls Kleiven

– Då scoringa kom berre klikka det for meg. No er eg heilt ferdig. Eg er så sliten. Eg sprang til eg hadde kramper oppetter begge beina, seier han.

– 1. divisjon i 2017?

– Det er heilt konge. No skal vi suse gjennom 1. divisjon og rett i Tippeligaen. Men først skal vi til Las Vegas, seier han og siktar til turen som trenar Terje Rognsø har lokka med.