Hopp til innhold

Hus totalskadd i brann – fleire evakuerte

Eit hus er totalskadd i brann på Kyrkjebø i Høyanger kommune.

Hus totalskadd i brann på Kyrkjebø i Høyanger kommune.

BRANNTOMTA: Politiet fekk melding om brannen i tretida natt til 1. nyårsdag.

Foto: Rose Øvretveit / firda.no

Politiet fekk melding om brannen i tretida i natt. Det var ein person i huset i huset då det byrja og brenne og som fekk meldt frå.

– Det var ein del vind i området. Næraste hus ligg 15 meter unna, og det vare fare for spreiing til andre bygningar, seier operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt.

Bebuarar i området blei samla på Kyrkjebø skule. Hestar frå ein fjøs i nærleiken blei også evakuerte.

– Vi evakuerte personar frå fleire adresser. Først blei dei flytta til Kyrkjebø skule, før dei no har blitt innlosjert hos naboar eller vener.

Ingen skal ha blitt skadde i brannen. Vaktleiar Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen seier dei hadde mannskap frå Høyanger, Vadheim og Sande.

– Like etter klokka åtte blei mannskapet på staden redusert, men vi har framleis folk der som driv med ettersløkking.

Det skal ikkje lenger vere fare for spreiing. Brannårsaka er ikkje kjent, og brannen vil bli etterforska av politiet.

Også fleire andre stader i landet har det brunne i natt.