Hopp til innhold

Hus totalskada etter brann

Husbrannen i Nordfjordeid er under kontroll og det er ingen fare for spreiing.

Politiet ber folk på Nordfjordeid om å lukke vindauge på grunn av røyk frå bustadbrannen.

Politiet fekk melding om brann i eit bustadhus i Nordfjordeid klokka 14.48. Det har vore kraftig røyk frå brannen og litt tidlegare i kveld vart naboar bedne om å lukke vindauga.

– Patruljen som er ute på staden seier at det siv røyk nedover mot sentrum på Nordfjordeid. På bakgrunn av det oppmodar vi folk om å lukke vindauga i husa sine, sa Marianne Føleide ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Brannen under kontroll

Like før klokka 18 i ettermiddag melder politiet at brannen er under kontroll.

– Brannvesenet har kontroll på brannen og driv no ettersløkking og opprydding på staden. Røykutviklinga har og minka, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø, Kai Henning Myklebust.

Ingen personskadar

I alt fem personar har adresse i huset.

– Alle personane som bur i huset er gjort greie for. Det er ingen personskadar, og det er ikkje fare for at brannen skal spreie seg, seier Marianne Føleide.

Alt tilgjengeleg brannmannskap frå Eid kommune har vore med i sløkkinga av brannen, sa vaktoperatør ved Alarmsentralen, Terje Birkeland, til NRK.

– Røykdykkarar frå Stryn er også kalla ut, opplyste Birkeland.

Brann i hus på Eid

MASSE RØYK: Politiet ba folk på Nordfjordeid om å halde dører og vindauge lukka på grunn av røyken frå brannen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Kommunen stiller opp

Alfred Bjørlo

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, seier kommunen vil stille opp for dei brannråka.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, seier at kommunen vil hjelpe dei huslause.

– Vi vil vere behjelpelege med praktiske ting dersom det er behov for det og vere til disposisjon for familien i den vanskelege situasjonen dei no har kome i, seier Bjørlo.

Kan vere bra med ro

Helsesjef i Eid, Kari Krog, engasjerer seg i saka og vil at dei råka skal få fred.

– Dei er i tryggleik. Det er viktig no, seier ho.

Og held fram.

– Vi stiller opp og er på tilbodssida, men samtidig må dei råka sjølve få tid til å definere kva hjelp dei treng. I ein slik situasjon som dei no er kan det hende at folk treng litt ro, seier Krog.