Hopp til innhold

Hus nedbrent - hindra flammane i å spreie seg

Huset er fullstendig nedbrent, men brannvesenet i Svelgen har fått kontroll på flammane som har herja dei siste timane.

Ein familie på fire har mista huset, men ingen kom til skade i brannen i Svelgen.

TOTALSKADD: Huset er fullstendig rasert etter brannen sine herjingar.

– Det er ikkje lenger opne flammar og brannvesenet ser ut til å ha rimeleg god kontroll, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen til NRK onsdag kveld.

Torsdag morgon fortel Frode Korneliussen ved Alarmsentralen at brannvesenet var på staden fram til klokka 04.00 torsdag morgon.

– Dei har heldt på utover natta med å kjøle og halde vakt ved branntomta. Naturen har bidrege sterkt med å halde branntomta kjøleg. Det har vore ganske store nedbørsmengder i Svelgen i natt, seier Korneliussen, og legg til at dei vil halde staden under oppsikt utover dagen på grunn av sterk varme i tomta.

Frykta spreidning

Politiet frykta tidlegare at brannen skulle spreie seg i den sterke vinden.

Brann i Svelgen

KASTEVINDAR: Sterk vind i området gjorde sløkkingsarbeidet vanskeleg.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Ein einebustad står i full fyr. Alle som var i huset har berga seg ut. Det er fare for spreiing grunna sterk vind, opplyste operasjonsleiar Gulliksen tidlegare på dagen.

Huset som brann skal vere eit murhus, medan dei nærliggande husa er i tre. Ein familie på fire kom seg ut av huset utan skadar. I tillegg har politiet evakuert 11-12 personar frå fire nærliggande bustader.

Augevitne fortalde tidlegare at det brann kraftig i huset som ligg i bustadområdet Villabakken, nær Elkem-fabrikken i Svelgen.

Det brenn kraftig i eit hus i Svelgen.

FULL FYR: Brannvesenet jobba på spreng for å få kontroll over flammane i vinden. (Video: NRK.no-tipsar)

Vinden fekk brannen til å blusse opp

Eit anna augevitne fortel at det såg ut som om brannvesenet fekk temt flammane, men at sterke kastevindar stadig fekk brannen til å blusse opp.

– Huset er i ferd med å brenne ned. Vi må satse på at dette er det einaste huset som går med. Det er svært sterk vind. Vi jobbar no med å få pøst på så mykje vatn som mogleg, men vi har faktisk problem med vasstilførsla. Vi jobbar med å få opp trykket, opplyste lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger til NRK.

Det lokale brannvesenet bad om forsterkningar frå Florø og Eikefjord, i tillegg vart heimevernet bedt om å rykke ut. Desse er no kalla tilbake.

– No må brannåstaden sikrast med tanke på vidare etterforsking. Det må bli kaldt før vi kan undersøke årsaka til brannen. Familien må finne innkvartering hos slekt og venner. Huset er rekna for tapt, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen.

Laster Twitter-innhold
Bustadbrann i Svelgen

EVAKUERER FOLK: Politiet måtte evakuere fleire bustader i området.

Foto: NRK-tipsar

BRENN KRAFTIG: Brannen er synleg på lang avstand. (Video: NRK.no-tipsar)

Brann i Svelgen