Hopp til innhold

Hus brann ned til grunnen i Luster

Eit hus er totalskadd i ein brann ved Ottum mellom Luster og Skjolden. Brannmannskapa frykta brannen skulle spreie seg.

Brann ved Ottum i Luster

FULL FYR: Ei lite hus brann ned til grunnen fredag kveld.

Foto: Lasse Hærum

Brann i Luster

RYKKA UT: Brannmannskap frå Luster og Sogndal rykka ut til brannen ved Ottum. (Klikk for større bilete)

Foto: Tage Moen

Brannmannskap og politi rykka ut då dei fekk meldinga om brannen klokka 19:11.

– Huset på om lag 40 kvadratmeter har brunne ned til grunnen. Vi har alt av ressursar på staden og jobbar no med å hindre spreiing til andre område, opplyser Terje Brandsøy ved Alarmsentralen til NRK.no.

Det skal ikkje ha vore folk i huset då det byrja å brenne. Ottum ligg tre kilometer utanfor Luster, i retning Skjolden.

Like før klokka 21 melder Alarmsentralen at brannen er under kontroll og ein brannbil har returnert tilbake til Sogndal. Det er førebels uvisst kva som er årsaka til at det byrja å brenne. Saka vert vidare etterforska av lensmannskontoret.

Hus brann ned til grunnen i Luster

FARE FOR SPREIING: Brannmannskap jobba for å hindre brannen i å spreie seg.

Foto: Lasse Hærum