NRK Meny
Normal

Hus brann ned til grunnen

Brannvesenet har fått kontroll på brannen på Oldeide.

Brann i hus på Oldeide.

OVERTENT: Det skal ikkje ha vore folk i huset som står i full fyr på Oldeide.

Foto: NRK

– Vi fekk tilbakemelding for kort tid sidan, og huset er nær nedbrent. Det er mindre gnistregn frå brannen og brannvesenet er i ferd med å få kontroll over brannen, seier Inge Værøy i Vest politidistrikt.

Vinden og flammane herjar på Oldeide.

STENGD: Vegen er stengd på staden på grunn av brannen.

Foto: NRK

Det skal ikkje ha vore folk inne i huset, og politiet har vore i kontakt med huseigaren. Mannskap frå Kalvåg, Hauge og Svelgen vart kalla ut. Det bles kraftig i området.

– Då brann- og politi kom til staden var huset overtent, og ein måtte prøve å avgrense skadane for å hindre brann til terreng og andre bygg, seier Værøy.

Fylkesveg 616 som går forbi staden er opna igjen. På grunn av vinden blir det framleis jobba med sikring av gjenstandar på staden. Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til brannen.

Det er kraftig vind i området.

VIND: Det bles kraftig i området, men det ligg ikkje andre hus i nærleiken.

Foto: NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.