Hopp til innhold

Hurtigruten vil ikkje bruke skipstunnel

Hurtigruten vil ikkje bruke Stad skipstunnel sjølv om alt no ligg til rette for bygging av verdas første tunnel i sitt slag.

Stad skipstunnel

VIL IKKJE GJENNOM HER: Hurtigruten som dagleg seglar mellom Kirkenes til Bergen, vil ikkje bruke tunnelen om han blir bygd.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Dei har tidlegare ikkje ønskja å uttale seg om skipa deira skal nytte tunnelen.

– På oppmoding har vi likevel vurdert tunnelen ut frå ein operativ ståstad. Vi har sett på nautiske tilhøve, tryggleik, klimautslepp og vi har også vurdert tunnelen som attraksjon for våre gjester, står det i eit brev som er sendt til prosjektet Stad skipstunnel, Kystverket og Samferdsledepartementet.

Tunnelen er planlagd mellom Eide i Moldefjorden og Kjøde ved Vanylvsfjorden i Selje kommune. Blir den 1700 meter lange tunnelen ein realitet, blir han den første av sitt slag i verda,

Hurtigruten passerer Stad to gonger i døgeret og i snitt 710 gonger i året.

– Målet med ein skipstunnel ved Stad skal vere å redusere reisetid, redusere forureining og redusere faren for ulukker. For Hurtigruten sin del vil det å bruke tunnelen kort sagt føre til det stikk motsette. Difor har vi avgjort vi ikkje kjem til å bruke tunnelen om den blir realisert, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten.

– Kapteinar har vore positive i fleire år

Hurtigruten har tidlegare vore brukt i marknadsføringa av verdas første skipstunnel.

– Vi veit at kapteinar på Hurtigruten har vore veldig positive til dette prosjektet i fleire år. Vil ikkje Hurtigruten bruke Stad skipstunnel, så er det greitt, seier Randi Humborstad, som er dagleg leiar i Måløy vekst.

Ho er blant dei som har stått i bresjen dei siste åra for å bygge tunnelen, og legg vekt på at tunnelen ikkje står og fell på om Hurtigruten vil bruke den.

– Stad skipstunnel vert ikkje bygd for Hurtigruten. Dei som vil ha størst nytte av denne tunnelen er næringstransporten, seier Humborstad.

Randi Paulsen Humborstad

HEILT GREITT: Randi Humborstad, som er dagleg leiar i Måløy vekst, meiner det er heilt greitt at Hurtigruten ikkje vil bruke Stad skipstunnel.

Foto: Øystein Torheim

Seier dei sjeldan må vente

Kommunikasjonssjef i Hurtigruten, Rune Thomas Ege, seier at tunnelen kan ha ein positiv effekt for andre typar skip med eit anna driftsmønster enn Hurtigruten og Kystruten Bergen–Kirkenes.

– Men for oss er ikkje Stad spesielt utfordrande for regulariteten. Dei siste 15 åra har vi passert Stad nesten 12.000 gonger utan problem. Mindre enn ein handfull gonger i året har vi vurdert at verforholda er så ille at vi ikkje kan passere Stad, seier Ege.

I brevet peikar selskapet på fleire årsaker til at dei ikkje vil nytte seg av den planlagde tunnelen, mellom anna vanskelege seglingsforhold i begge ender av tunnelen.

– Å bruke tunnelen i staden for å segle rundt, vil auke distansen mellom Måløy og Torvik gjennom trongt og delvis grunt farvatn. For å få til dette, må vi auke fart og utslepp betydeleg, endre ruteplanen, kutte anløp eller redusere liggetida betrakteleg i hamnene. Det er ikkje gode alternativ for nokon, seier Ege.

Uroa for tryggleiken

Hurtigruten tek også opp tryggleiken i tunnelen.

– Det er ei betydeleg svakheit at det for tida ikkje finst nokon internasjonale krav til sikring og tryggleik i skipstunnelar. Marerittscenarioet er røykutvikling eller brann på eit skip inne i tunnelen. Vi ser med uro på ei evakuering av passasjerskip på veg gjennom tunnelen, og kan ikkje sjå korleis redningsutstyr som livbåtar og flåtar skal kunne brukast inne i tunnelen.

Han trur heller ikkje at skipstunnelen ved Stad vil bli et trekkplaster for gjesten om bord.

– Vi har ei stund blitt møtt med argumentet om at tunnelen kan marknadsførast internasjonalt som ein stor turistattraksjon. For vår del vil tunnelen ha ein svært avgrensa verdi i marknadsføringa, på same måte som bruer eller vindmølleparkar. Gjestene våre kjem til Noreg for å oppleve aktive, naturbaserte opplevingar, seier Ege.

Trur ikkje prosjektet er i fare

Politikarar langs kysten har i ei årrekkje kjempa for å få verdas første skipstunnel ved Stad. Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) seier avgjerda til Hurtigruten ikkje var uventa.

– Dei har tidlegare signalisert ein viss skepsis. Men eg har lest brevet dei har skrive, og eg stiller meg undrande til argumentasjonen ut frå tryggleik. Kystverket har sagt det er god nok tryggleik både ved inn- og utseglinga.

Osdal trur ikkje at Hurtigruten sitt nei set prosjektet i fare.

– Eg blir skremd om dette blir brukt mot tunnelen når det er 10–15 andre som seier noko heilt anna og som ser behovet. Her må vi trykke på vidare og jobbe mot dei som løyver pengar, seier Osdal.

Stad skipstunnel
Foto: Illustrasjon Kystverket