NRK Meny
Normal

Hurtigruta vert hotell i Måløy

Eit hurtigruteskip og eit turistskip skal fungere som hotell i Måløy under seglskuteregattaen Tall Ships Race i 2008. Løysinga gir byen 1500 nye hotellsenger.

I dag har Måløy berre 49 hotellsengeplassar.

Når verdas største seglskuteregatta går av stabelen i 2008 kjem det mange tusen gjestar, og mange treng overnatting.

Prosjektleiar Helge Hjelle seier dei er i forhandlingar med både Fred Olsen Lines og Troms Fylkesdampskipsselskap for å få på plass ei løysing. Hjelle seier han har sendt ein førespurnad om å få leige hurtigruteskipet "Trollfjord" til føremålet.

- Vi er heilt avhengige av å få til ei løysing med flytande hotell. Viss vi får nei frå hurtigruta vil vi ta kontakt med andre reiarlag, seier Hjelle.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.