Hopp til innhold

– Mor ofra livet for å berge meg

ERVIK (NRK): Med sonen på ryggen kjempa Laura Askeland seg vekk frå det brennande skipet, men drukna i forsøket på å berge livet til seg og guten.

John Askeland tilbake der han vart dradd på land etter forliset.

75 ÅR ETTER: John Askeland tilbake i hamna i Ervik der han vart boren medvitslaus på land etter forliset.

Foto: Harald Kolseth / NRK

30. september, 1943, kl. 18.45: Sørgåande hurtigrute St. Svithun er i liten storm på veg frå Ålesund sørover langs kysten med over 135 menneske om bord – mellom dei ein del tyske soldatar. Utan for Stad stuper brått seks britiske bombefly ned og bombar og skyt skipet i brann.

Dette skal verte ei av dei største sivile skipsulukkene i Noreg under andre verdskrigen.

  • Høyr det sterke intervjuet med John Askeland nedst i artikkelen.

I full fyr

Den då sju år gamle John Askeland frå Bergen var denne dagen ein av passasjerane om bord i hurtigruteskipet og reiste saman med mor si, Laura.

Han er no den einaste attlevande som hugsar dramaet på Stadhavet for 75 år sidan.

– Vi høyrde smell og då vi kom opp på dekk kom det tjukk røyk frå brannen lenger bak på skipet. Situasjonen var høgdramatisk, fortel Askeland. No er han tilbake på ei minnemarkering for alle som mista livet.

Etter bombinga stod den ramponerte St. Svithun i full fyr og hadde svært dårleg styring.

Mannskapet prøvde å køyre skipet på grunn i eit smalt sund innanfor Buholmren Fyr, men grunnstøytte på eit skjær 30–40 meter frå land i grov sjø.

Sanct Svithun på grunn

Kasta seg i sjøen

Ein modig ung matros hoppa i sjøen i infernoet og kom seg i land på den vesle, steile Kobbeholmen kring 25 meter frå skipet. Der fekk han festa eit sterkt tau til det slingrande vraket, og nokre av passasjerane prøvde straks å ta seg til holmen langs tauet.

Men skipet kasta seg fram og tilbake i uvêret, og mange fall ned i den frodande sjøen og vart borte.

– Mor såg dette og etter å ha fått på oss livbelte valde ho å hoppe direkte på sjøen og prøve å symje til lands med meg på ryggen for å prøve å berge oss begge frå flammane, fortel Askeland med tårer i auga.

Minst 57 omkom

Blant dei minst 135 menneska om bord på skipet var det mange tyske soldatar som skulle sørover langs kysten, men 50 av dei hadde gått av i Ålesund og tatt eit anna skip vidare. Dei aller fleste som var att på skipet var difor sivile nordmenn.

Av dei som var om bord vart 77 berga i land av 22 lokale redningsmenn, som utførte ein av dei største redningsbragdene i landet under krigen.

I tung sjø hoppa lokale ervikarar raskt i robåtane sine då dei såg kva som skjedde ute ved holmane sørvest om bygda. Det vart avgjerande for at så mange berga livet.

John Askeland på gravplassen i Ervik der redningsmenne hans ligg gravlagde.

John Askeland på gravplassen i Ervik der redningsmennene hans er gravlagde.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Alle måtte prøve å berge seg sjølv bort frå skipet, seier Askeland.

For minst 57 menneske mista livet etter bombinga av hurtigruta i Stadhavet septemberkvelden for 75 år sidan. Mor til John, Laura Askeland, vart ei av dei.

– Eg svima av etter å ha svalt mykje sjøvatn, og hugsar ikkje at ervikarar i ein liten robåt drog meg om bord. Mor mi som ofra livet for å berge meg, seier han gråtkjøvd.

Mora levde så vidt då ho vart dradd opp frå havet flytande med guten sin på ryggen, men ho klarte seg ikkje.

– Eg hugsar eigentleg ingenting frå då vi hoppa over bord frå skipet til eg vakna i ei seng i Ervika dagen etter, fortel Askeland.

John Askeland som barn saman med søskenbarn

UNG: John Askeland med katten sin like etter krigen, då han hadde flytta til tanta si på Manger nord for Bergen.

Foto: Privat

I dagane etter ulukka vart han sendt tilbake til Bergen, men då han kom til kaia vart han møtt av far sin og søstera hans. Beskjeden vart at faren ikkje var i stand til å ta vare på han og difor måtte han flytte til tanta på Manger, nokre mil nordvest for Bergen.

– Men eg har hatt eit godt liv, sjølv om eg miste mor mi under ulukka, seier Askeland, som seinare flytta til USA der han stifta familie og fekk fire barn.

Men septemberkvelden for 75 år sidan i Ervika vil han aldri gløyme.

  • Her kan du høyre hans i historie i to delar.

Del 1

Del 2

Minnesmerke i Ervik kyrkje, Laura Askeland, St. Svithun-forlis

På minnetavla for dei 45 norske som miste livet ved St. Svithun-forliset står også namnet på mora til John Askeland.

Foto: Harald Kolseth / NRK