NRK Meny
Normal

Stor oppslutnad om protest mot sjødeponi

Over 500 personar møtte i kveld opp til fakkeltoget mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden. – Det er ein del ting vi gjer og bestemmer oss for i vår levetid som er for æva, seier stortingsrepresentant Snorre Valen (SV).

Fakkeltog Førde
Foto: Eirik Hildal / NRK

– Det er fantastisk. Her sig folk til frå alle gatene rundt. Det er fantastisk å sjå alle faklane som stjerner på himmelen. Eller skal vi seie sjøstjerner i Førdefjorden? Dette er verkeleg folk og næringa saman for fjorden, seier initiativtakar Anne-Line Thingnes Førsund.

Fakkeltoget er ein protest mot planane til Nordic Mining om gruvedrift i Engebøfjellet. Selskapet ønskjer å utvinne 200 millionar tonn rutilmalm over ein periode på 50 år i Naustdal. Gruveavfallet skal dumpast i fjorden, noko som gjer prosjektet svært omstridd.

Fakkeltog Førde

NO WAY NORWAY: Er bodskapet frå denne duoen som møtte opp til fakkeltog i kveld.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Ein sjanse vi ikkje bør ta

Initiativtakarane til fakkeltoget er Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe, Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, Forum for natur og friluftsliv og Norske Lakseelver.

Stortingsrepresentantane Rasmus Hansson (Miljøpartiet De Grønne), Snorre Valen (SV) og Sveinung Rotevatn (V) held appellar. Det same gjorde Norges Fiskarlag, og mange lokale politikarar.

– Faren for livet i fjorden er betydeleg. Det er også grunnen til at Fiskeridirektoratet, Miljødirektoratet, Havforskingsinstituttet, ja, det som kan krype og gå av fagetatar, seier at dette er ein sjanse vi ikkje bør ta, seier Rotevatn til NRK.

– Ingen i næringslivet vil ha gruvedumping i Førdefjorden. Alt som finst av fiskerifaglege og miljøfaglege interesser seier at dette er uforsvarleg, hevdar Hansson frå MDG.

– Det er frykteleg viktig at vi ikkje baserer framtida på gamaldagse, miljøøydeleggande næringar som undergrev for dei framtidsretta, matproduserande og miljøvenlege næringane, seier Hansson.

Oddvar Torsheim

LOKAL KJENDIS: Også Oddvar Torsheim ville vise sin motstand mot sjødeponi.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Om æva og verdiar

Ei avgjerd har drege ut i tid. Åtte år, 60 rapportar og 110 millionar etter oppstarten, er det framleis uklart kva tid ei avgjerd om gruvedrift i Naustdal kjem. I november sa Miljødirektoratet nei til gruvedrift. Kommunaldepartementet skal ta den endelege avgjerda.

– Det er ein del ting vi gjer og bestemmer oss for i vår levetid som er for æva. Vi har eit ansvar for at all næringsdrift vi driv med i framtida er berekraftig og at vi tek vare på verdiane rundt oss. Det er mykje snakk om detaljar, rapportar og utgreiingar, men det handlar først og fremst av kva slags verdiar vi tykkjer er viktige.

– Æva og verdiar – eit lite frieri til KrF sentralt eller?

– Ja, eg stoler på at både KrF og Venstre gjer ein ordentleg jobb opp mot regjeringa no. For det er vi heilt avhengige av. Vi tok kampen då vi sat i regjering, og no gir vi fakkelen vidare til Venstre og KrF.

Snorre Valen

GOD STEMNING: Men eit alvorleg bodskap frå stortingsrepresentant Snorre Valen: Det som blir gjort i gruvesaka er for æva, meiner han.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Venstre har lenge sagt nei, og både partileiar Trine Skei Grande og nestleiar Ola Elvestuen, som grunna flytrøbbel ikkje nådde fram i dag, har vore i Naustdal og markert dette standpunktet. Rotevatn trur partiet kan greie å påverke regjeringa.

– Eg har tru på at vi kan vinne fram i denne saka, ikkje minst fordi så mange næringsinteresser rundt fjorden har gått saman og sagt at å dumpe gruveavfall i fjorden set arbeidsplassar i fare, seier Rotevatn.

Motstand i folket

Det finst berre fem land i verda som ikkje har avslutta utslepp av gruveavfall i sjø. Kina, USA, Australia og Brasil har forbydd utslepp til sjø. Ved å tillate det, er Norge del av ein liten klubb saman med Papua Ny Guinea, Tyrkia, Indonesia og Chile.

I ei meiningsmåling av Norstat på vegner av NRK sa 61 prosent i kommunane rundt fjorden nei på spørsmålet "Er du for eller mot gruvedrift i Vevring i Naustdal".

I ei ny nasjonal meiningsmåling, utført av TNS Gallup for Natur og ungdom, seier over 70 prosent nei til at gruveselskap bør få lov til å deponere avfallsstoff i sjø. Berre sju prosent svarte ja.

– Eit fleirtal i området er mot at ein skal nytte ein verdifull fjord som deponi for gruveavfall og det forventar vi at regjeringa lyttar til når dei skal ta si avgjerd ganske snart, seier Rotevatn.

Sveinung Rotevatn

TRUR PÅ SIGER: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn trur regjeringa vil leggje merke til motstanden i folket og næringane.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Arbeidsplassar?

Men deponiet har også sine forkjemparar. Lokallaget til Arbeidarpartiet i Førde er mot gruvedrift, men har resten av Ap Sogn og Fjordane Ap mot seg. Kommunestyra i Naustdal og Askvoll har sagt ja til planane. Sogn og Fjordane Høgre er framleis for, også etter Miljødirektoratet sa nei.

Norsk Bergindustri er også for, og møtte Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet til ein svært oppheta debatt mot slutten av fjoråret.

Nordic Mining vil investere for to milliardar kroner, og det er selskapet sitt klart største prosjekt. Forkjemparane viser til at det vil bli skapt mange nye arbeidsplassar, med estimat som varierer mellom 170 og 500.

Fakketog Førde

FULL STOPP: For dei bilane som møtte det mangehundre sterke fakkeltoget.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Finst det kraftsosialistar i ditt parti som vil vere for gruvedrift, Valen?

– Eg kallar meg kraftsosialist. Men eg trur kraftsosialismen har ei lenger framtid dersom han er berekraftig i tillegg. Dette er ikkje eit spørsmål for eller mot gruvenæringa, men eit spørsmål om vi skal bruke fjorden til deponi eller ikkje, seier Snorre Valen.

– Arbeidsplassar er kjempeviktig. Men nokon må ta seg bryet med å rekne ut kor mange arbeidsplassar gruva og avfallet kjem til å koste. Det er ikkje utan grunn at alt som kan krype og gå av næringsinteresser i regionen seier nei til gruva og avfallet. Dei veit at det vil koste arbeidsplassar, svarar Rasmus Hansson frå MDG.

– Gruvedrift vil skape mange arbeidsplassar også, Rotevatn?

– Eg skjønar at mange tykkjer det er verdifullt, det tykkjer eg også. Men dette handlar om vi skal prioritere kortvarige arbeidsplassar framfor evigvarande arbeidsplassar. Alle jobbane vi har skapt fiskerinæringa og havbruksnæringa i Førdefjorden står i fare om vi dumpar gruveavfallet i fjorden. Difor seier Venstre nei til sjødeponi.

Laster innhold, vennligst vent..
Vegopning på Bergum i Førde kommune