Hundrevis utan vatn i Luster

Folk på Indre Hafslo i Luster er no utan vatn. Dette gjeld alle abonnentar på det kommunale vassnettet i områda Sviggaplassane, Lad og Bruheim, ifølge Sogn Avis. Kommunen sitt eige varslingssystem gjorde dei merksame på at vatnet ikkje kjem fram til innbyggarane.